Avspark – nye Førde sentrum

No skjer det! Vi sparkar i gong planlegginga av korleis vi vil at sentrum i byen vår skal vere. 

7. mai inviterer vi deg til 
Larris scene

Festplassen i Førde foto Anne Mette Hjelle - Klikk for stort bilete

Sett av tida – dette er staden 
å vere denne mai-kvelden!

Nokre tema for kvelden

  • Kva er sentrum i Førde?
  • Kva betyr sentrum for omdømmet og identiteten til Førde?
  • Korleis kan natur i by sjå ut?
  • Kva betyr kafear, handel og møteplassar for våre sosiale liv?
  • Kva skal til for å kome seg fram på ein enkel og trygg måte?
  • Kor skal vi parkere bilane?
  • Kva er eit bra sentrum for både unge og eldre?
  • Korleis kan vi jobbe saman for å skape eit bra sentrum?

Dørene opnar 18.30 

Mingling og lett servering ved Larris før programmet tek til.

Wraps foto Pexels - Klikk for stort bilete

Program 19.00–20.30

Velkomen ved ordførar,  Jenny Følling

Kva er ein sentrumsplan?  Planavdelinga i kommunen

Gode eksempel
Voss områderegulering ved Hans-Erik Ringkjøp og Elisabeth Lillegraven, videomøte 

Førde sentrum sett frå Hafstadkleiva foto Anne Mette Hjelle - Klikk for stort bilete

 

Samarbeid om ein felles by
By- og regionforskningsinstituttet NIBR-OsloMet, videoforedrag

Sofaprat  –  kva er god sentrumsutvikling? leia av Anne Mette Hjelle

  • Sanne Slåtten,  Sunnfjord U40 – sentrum for unge
  • Runa Gjerland, Norconsult – natur i by
  • Rasmus Mo, sogning, mentor og motivator – korleis sentrum påverkar omdømmet
  • Hilde Iren Rivedal, Sunnfjord kommune  – sosial berekraft i by
  • Jonny Tjønn – næringsperspektivet
     

Påmelding innan 3. mai

Har du meldt deg på, men ikkje får brukt plassen din, så er det fint om du gir beskjed til:

 informasjon@sunnfjord.kommune.no

 Arrangementet er gratis.

tre mannesker som prater foto Pexels - Klikk for stort bilete

Etterspark 20.30–21.30

Mange interessante tema er sparka på bana denne kvelden. Bli gjerne att og la praten gå om kva ønsker du har for Førde sentrum. 

Sunnfjordingar om sine ønske for Førde sentrum

Aktuelle lenker

Kontakt

Profilbilde av Julie Daling
Julie Daling
Sakshandsamar planavdeling - byplanleggar
E-post
Telefon 57 61 27 21

Jobbar med overordna arealplanlegging, med fokus på by- og tettstadutvikling