Helsestasjon for ungdom

Opningstider helsestasjon for ungdom

  • Sunnfjord helsestasjon: Tysdagar 14.00–17.30, Sunnfjord rådhus, tredje etasje. 
  • Inngangsdøra er på austsida av rådhuset, og er open etter ordinær opningstid på rådhuset

Kva kan du få hjelp til?

Helsestasjon for ungdom og studentar er eit gratis DROP-IN -tilbod til deg mellom 12 og 25 år. 

  • Tester for seksuelt overførbare sjukdomar (kjønnssjukdomar) eller graviditet.
  • Gynekologiske undersøkingar.
  • Rettleiing i bruk av prevensjon (p-piller, spiral og annan prevensjon) og uønska graviditet. 
  • Rådgivning ved til dømes spiseforstyrringar, problem heime eller rusproblem.
  • Om du ønskjer å få innlagt p-stav eller spiral, så bør du bestille time på telefon 57 72 21 30
  • Samtale om kjønnsidentitet og seksuell orientering
     

Kven møter du på helsestasjon for ungdom?

Du møter både helsesjukepleiar (tidlegare helsesøster), jordmor og lege. Du får råd og rettleiing av fagpersonane som er på helsestasjonen eller dei kan vise deg vidare til fastlege eller spesialist ved behov. Alle fagpersonane du møter på helsestasjonen har teieplikt.  

Nyttige nettstadar

Når du møter på HFU, så skal du vere frisk og ikkje ha symptom på sjukdom

Kontakt

Jorunn Eldegard
E-post
Telefon 57 72 21 30