Aktuelt
Publisert 16.07.2018
NAV

NAV Gaular er stengt veke 30 og 31 (23.juli - 03.august).

Kommunal krisehjelp  vert handtert ved at brukarar med slikt behov melder seg ved tenestetorget på helse- og omsorgsetaten.

Anna hjelpebehov får ein løyst ved å ringe NAV  kontaktsenter på
tlf 55 55 33 33.

 

Stenginga er elles gjort kjent med plakatar ved inngangsdøra og ved tenestetorget og legekontoret.

Publisert 12.07.2018
Inngang kommunehuset

Frå 16. juli til 20. juli 2018 (veke 29) vil telefontida på kommunehuset vere frå kl. 09.00 til 14.30, på grunn av ferieavvikling.

 

 

 

Publisert 11.07.2018
Gaular Næringspark, plankart

Gaular kommunestyre vedtok i møte 26.04.2018 detaljreguleringsplan for Gaular Næringspark sak 023/18.

Planvedtaket vert med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova §12-12.

Plandokumenta med plankart, føresegner, planskildring mm ligg tilgjengeleg på heimesida til kommunen, www.gaular.kommune.no

Gaular kommunestyre sitt vedtak kan påklagast jf plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9 og Forvaltningslova kap VI.

Klagen må fremjast skrifteleg og sendast til

Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande eller

postmottak@gaular.kommune.no

Frist for å klage er 3 veker etter kunngjering.

Vedlegg til sak KS 23/18

 

 

 

 

Publisert 06.07.2018
Kommunehus i sol.jpg

Ansvarlege leiarar som har vekevakter i Gaular kommune sommaren 2018, kan kontaktast ved behov:

Namn Mob.nr. Veke Dato
Atle Fasteland 995 64 610 28 09.-15.07.18
Gro Bjørvik 916 22 116 29 16.-22.07.18
Truls Folkestad 926 58 166 30 23.-29.07.18
Dag Ripe 970 54 119 31 30.07.-05.08.18
Kjell Idar Dvergsdal 917 04 417 32 06.-12.08.18

 

Publisert 04.07.2018
Skogbrann

 

Vær aktsom!

Så tørt som det er no skal det veldig lite til for å starte ein brann. Kvar enkelt av oss må vise aktsomheit og opptre på en slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsomhetsplikta innebær at ein tek førehaldsreglar for å redusere sannsynligheita for brann og begrense skadane dersom brann skulle oppstå. Oppgjort eld må ikkje forlatast før den er fullstendig sløkt.

Bålforbudet

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbudt gjere opp eld i eller i nærheita av skog og anna utmark uten å informere  kommunen. Det er opp til kvar enkelt å vurdere sikkerheita og ivareta aktomsomheitprisippet.

Bruk sunn fornuft!

Publisert 29.06.2018
Adresse prestegardsvegen

– overgang frå matrikkeladresser til vegadresser

 


Bakgrunn

 

Det er eit nasjonalt og lokalt mål at offisielle adresser skal vere vegadresser og ikkje

matrikkeadresser (gnr./bnr.).

Dette for å sikre eit adressesystem som er eintydeleg og logisk oppbygt for adressebrukarar som naudetatane ambulanse, brann og politi, transportfirma og private.

Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt og fastsetter offisielle adresser.

Kommunen sitt ansvar kan delast inn i to hoveddelar, adressestyresmakt og namnestyresmakt.

 

Adressestyresmakta har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen og tildeling av

offisielle adresser etter reglane i matrikkellova med tilhøyrande forskrift.

Det skal utarbeidast hensiktsmessige adresseparsellar som skal ha som hovedmål å gjere det enkelt for alle å finne fram.

Den delen av eit vegnett som skal ha eige vegnamn vert kalla adresseparsell.

 

Namnestyresmakta har ansvaret for namnsetting og gjer vedtak om namn og skrivemåten på adressenavn og stadnamn etter reglene i Lov om stadnamn.

Namnestyresmakta har ikkje høve til å gjere endringar på adresseparsellar som

adressestyresmakta har utarbeida, men skal finne gode namn til desse.

 

 

Felles adresseprosjekt for Sunnfjord kommune

 

Fellesnemnda for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, som frå 01.01.2020 skal utgjere «Sunnfjord kommune», har vedteke oppretting av eit felles adresseprosjekt for desse kommunane.

Vegadresseprosjektet for «Sunnfjord kommune» er no starta og det er ei målsetting at 90 % av adressene skal vere vedtekne vegadresser pr. 30.06.2019.

Dette inneber at mange av dei som i dag har matrikkeladresse (gnr/bnr) får tildelt vegadresse.

Det vert i denne prosessen ikkje teke sikte på å tildele vegadresser til adresseverdige bygg som ligg spreidd og ikkje har vegtilkomst.

 

Gaular kommunestyre vedtok den 21. junui 2018 i sak nr. KS-032/18 lokal forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

Denne skal leggast til grunn for adresseringsarbeid etter matrikkellova og namnsetting og skrivemåten på adressenamn og stadnamn etter reglane i Lov om stadnamn.

Førde sentrum er null-punkt for adresseringa og dette inneber mellom anna ein del omadressering av eksisterande vegadresser.

Dette gjeld vegadresser på Sande tilknytta Liavegen, Gamlevegen, Førdevegen, Vadheimsvegen, Bygstadvegen og Viksdalsvegen.

 

 

 

Adresseringsarbeid i Gaular

 

I vedteken lokal adresseforskrift § 3 heiter det at rådmannen er kommunens adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift, i tillegg til førebuande arbeid knytt til fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Rådmannen har også, i samsvar med vedteken adresseforskrift, mynde til å opprette eller endre adresseparsellane.

 

I samsvar med forskrifta § 4 er kommunestyre namnemynde og vedtek adressenamn.

Namnemynde gjer også vedtak om skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

 

Det kan vere aktuelt å delegere mynde etter stadnamnlova, dette er eventuelt venta til hausten 2018.

 

Det vert no arbeidd med retting av feil og manglar i vegnett-databasen og gjere denne klar som grunnlag for inndeling av vegadresseparsellar.

Vegadresseparsell vil seie deler av vegnettet som skal ha eige namn.

 

Før det vert sett i gang arbeidet med tildeling av vegnamn, må inndelinga i adressevegparsellar fastsettast. Dette er som nemnt ovanfor i følgje adresseforskrifta tillagt rådmannen.

Denne inndelinga i adressevegparsellar er normalt ei rein adminitrativ oppgåve, men vi har valgt at forslaget frå administrasjonen vert annonsert i Firda og lagt ut på heime- og  facebooksida til kommunen.

Det er då mogleg for alle å gje innspel om inndelinga i adressevegparsellanane. 

 

 

 

 

Når inndelinga er fastsett av rådmann vert det sett i gang prosessen med tildeling av vegnamn på adresseparsellane.

Det vert då ei annonsert høyring og sentrale adressebrukarar, lag- og organisasjonar og liknande vert tilskrevne direkte. 

 

 

Det er naudsynt å foreta rettingar, endringar og tilføyingar av opplysningar i matrikkelen som har feil/manglar. Dette er varsla særskilt ved annonsering i avis.
M
atrikkelen er det offisielle registeret for bygningar, adresser og eiendommar. Det er dessverre ein del feil og manglar i matrikkelen.

Typiske feil for matrikkeladresser kan vere at den er knytta til fleire fysiske bygg, har feil koordinat eller manglar heilt.

Typiske feil for bygningar kan vere manglande eller feil brukseiningar og type.

Når det gjeld eigedomar er det framleis slik at det er jordskifte, skylddelingsdokument, målebrev eller matrikkelbrev som er gyldige eiendomsskildringar.

 

 

Kontaktperson for adresseringsprosjektet:

 

Trond Hegrestad

avdelingsingeniør

Næring og teknisk

Telefon: 57 71 85 23

Epost: trond.hegrestad@gaular.kommune.no

Publisert 29.06.2018
KArt adresseprosjekt

Administrasjonen i Gaular har i samband med adresseprosjektet for overgang frå matrikkeladresser (gnr./bnr.) til vegadresser, laga eit forslag til inndeling i vegadresseparsellar. Desse forslaga ynskjer vi å få innspel på.

Vegadresseparsell vil seie den delen av vegnettet som skal ha eige namn.

Publisert 28.06.2018
reiseguide-sunnfjord-framside-1030x626

Ein ny reiseguide for Sunnfjord er klar. Les om aktivitetar, attraksjonar og arrangement i Førde, Gaular, Jølster og Naustdal. Guiden er proppfull av gode tips til deg som vil vite meir om kva Sunnfjord har å by på.

Publisert 28.06.2018
Reguleringsplan Svaberget

Det vert med dette varsla om igangsetting av arbeid med utarbeiding av detaljreguleringsplan for Svaberget 2, jf. §§ 12-1, 12-3 og 12-8 i plan- og bygningslova.

Publisert 20.06.2018
Bredbåndskabler

Gaular kommune har inngått avtale med Telenor Norge AS om utbygging av breibandsnett i Viksdalen. Utbygginga skal vere sluttført hausten 2019. Det vert gjennomført informasjonsmøte i Viksdalen i august/september 2018 om utbygginga. Tidspunkt for møtet vert annonsert i Firda.