Borgarleg vigsel i Gaular kommune

Gifteringer.png - Klikk for stort bilete Frå 1. januar 2018 tek kommunane over ansvaret for gjennomføring av borgarlege vigslar i Norge. For kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal vil Førde kommune administrere ordninga med vigslar 

Bestilling av tid for vigsel

Det er Servicetorget i Førde kommune som vil ta imot bestilling av vigsel. Ta kontakt på telefon 57 72 20 00 eller bruk det digitale skjema for bestilling av borgarleg vigsel

Tid og stad for vigsel

Vi tilbyr vigslar alle yrkedagar i kontortida. Dei fleste vigslane blir gjennomført på fredagar, men vi har tilbod om vigslar på desse laurdagane i 2018:

  • 24. mars (palmelaurdag)
  • 19. mai (pinseafta)
  • 23. juni
  • 14. juli
  • 28. juli
  • 11. august
     

Vigselsrom i Sogn og Fjordane tingrett

Vi har inngått ein avtale med Sogn og Fjordane tingrett om leige av deira vigselsrom for gjennomføring av vigslar. Rommet er innreia slik at det gjev eit verdig og høgtideleg preg. Adresse Fjellvegen 9.
 

Vi aksepterer også vigslar på andre stader i området der køyretida er mindre enn ein halv time frå Førde.

Prøvingsattest

Før de giftar dykk, må Skatteetaten sjekke om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Det vil seie at de må sende inn ein del papir. Behandlingstida er to-tre veker, så ver ute i god tid før vigselen. 

Om alt er i orden skriv Skatteetaten ut ein såkalla prøvingsattest, som viser at de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Du skal sende prøvingsattesten til Førde kommune, postboks 338, 6802 Førde. Prøvingsattesten er gyldig i fire månader.
 

Pris 

Vigslar er gratis for alle, sjølv om brudepar er busett i andre kommunar enn Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.  
 

Ønskjer de å leggje seremonien til eit tidspunkt eller ein stad som krev meir tid av den kommunale vigslaren, må de rekne med å dekkje tilleggskostnader sjølv.
 

Korleis blir seremonien?

I seremonien nyttar ein Det borgarlege vigslingsformularet, som er ein tekst som vigslaren les opp. Det finst oversettingar til samisk, engelsk, tysk, fransk, spansk og russisk på Bufdir sine nettsider.

Seremonien kan deretter bli tilpassa med til dømes tekst og musikk ut over dette. 

Vigslar

Førde bystyre har gitt følgjande personar mynde til å vigsle brudepar:

  • Inger Huus
  • Bjørnar Karlsen
  • Gunnhild Sande
 
I tillegg har ordførar og varaordførar mynde til å vigsle eit brudepar.
 
 

Vigselsattest

Kommunen sender ei vigselsmelding til Folkeregisteret innan tre dagar etter vigselen. Vigselsattest vil de motta frå Folkeregisteret.

 

Publisert av Anne-Karin Folkestad. Sist endra 12.12.2017 av Anne-Karin Folkestad

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering