Den evige plasten!

Plast - Klikk for stort bilete Plast - kva er eigentleg problemet? Kvar dag skyllas 22 000 tonn plast ut i verdshava. Denne plasten forsvinn ikkje. Aldri. Den slitast derimot ned til mindre og mindre partiklar, som til slutt vert små plastpartiklar som fisk og andre organismar i havet trur er mat. Fisken et men dør likevel av sult. I mellomtida et andre fiskar og vi menneske næringsfattig sjømat og får i oss mikrofiber av plast.
Plast.
I magen din.

Dersom vi ikkje sett ein stoppar for plastforureininga i hava våre, vil det vere meir plast enn fisk i havet i 2050.

I slutten av februar i fjor fekk ein verkeleg augene opp for plastproblemet, då den sjeldne arten gåsenebbkval vart funne på Sotra med magen full i plastposar. 

I dag vil vi prøve å informere om plastproblemet, vise til skrekkelege fakta, syne grusomme men sanne bileter og videoar, men og gje tips om kva vi alle kan gjere og kva som allereie er på gang. Vi kan ikkje overlate jorda slik til dei som i dag er dei yngste og som har lengst tid att.

Følg oss ogå på facebook! Del gjerne med oss dine miljøtips eller bilete av rydding i naturen!