Ekstraordinær bandtvang er innført i Gaular kommune frå og med 28. februar til og med 31. mars 2018.

Hund i band 1 - Klikk for stort bilete

 

 

Forskrift om ekstraordinær bandtvang i Gaular kommune er endra slik at treningsterreng for fuglehund på Gaularfjellet er unntatt ekstraordinær bandtvang.  Les forskrift om ekstraordinær bandtvang, Gaular kommune, Sogn og Fjordane (PDF, 173 kB)

 

Bakgrunnen for å innføre ekstraordinær bandtvang i heile Gaular kommune, med unntak for treningsterreng for fuglehund på Gaularfjellet, er at det har vore ein lang vinter med høvesvis mykje snø i høgda og varierande mengder snø i låglandet. Viltet har dermed vanskar med å finne næring. Det har også vore fleire episodar i Gaular der laus hund har jaga hjort.

 

Her kan du sjå kart over treningsterreng for fuglehund på Gaularfjellet (PDF, 284 kB)

 

Du kan lese meir om saka på postlistene til Gaular kommune

 

Innføring av ekstraordinær bandtvang kan påklagast til Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

 

 

 

...