Få breva dine rett på mobilen

Digital postkasse mobilbruke - Klikk for stort bilete

Gjennomfører kampanje 

Førde kommune vil at fleire tek i bruk digital postkasse. Derfor set vi i gong ein kampanje for å få fleire til å velje vekk papir. I løpet av dei næraste dagane vil dei som ikkje har oppretta digital postkasse, få ein e-post frå kommunen med ei oppmoding om å gjere dette.

I vår kommune er det 3740 innbyggjarar som har tatt i bruk digital postkasse, men vi ønskjer å ha med fleire. Sogn og Fjordane er det fylket som har lågast bruk av digital post, og kampanjen går difor ut til alle kommunane i fylket. Her er det eit stort potensiale til å spare både tid og pengar for kommunane.

Fordelane med digital postkasse for deg 

  • Du får breva dine raskare enn på papir
  • Breva er tilgjengelege over alt der du har internett
  • Posten vert lagra trygt og du slepp å rote papirbreva vekk
  • Du sparar miljøet med mindre avfall og transport

     

Kva treng du for å opprette ein digital postkasse?

Du må ha ein personleg, elektronisk ID på høgaste tryggingsnivå, til dømes BankID eller BankID på mobil. 

Korleis får du digital postkasse? 

Du kan velje å bruke Digipost eller e-Boks. Dei er likestilte og oppfyller krava som gjeld for sikker sending av digital post. 

Opprett Digipost >

Opprett e-Boks >

Treng du hjelp til å opprette digital postkasse, eller har spørsmål, ta kontakt med Tenestetorget på telefon 57 71 85 00. 

Korleis veit du at det kjem post til deg?

Når du får digital post vil du få eit varsel på SMS eller e-post. Då veit du at noko er sendt til deg. For å lese brevet loggar du deg inn i din postkasse med BankID, MinID, Buypass eler Commfides. 

Nyttig å samle posten frå det offentlege ein stad

Stadig fleire offentlege verksemder vil sende deg digital post. Det er difor nyttig for deg å opprette ein digital postkasse der du får samla all post frå det offentlege.

Skaff deg digital postkasse og få breva raskare – rett på mobilen eller datamaskina di. Digital postkasse er internett sitt svar på din vanlege postkasse. Er du klar til å ta imot posten digitalt? 

Publisert av Anne-Karin Folkestad. Sist endra 04.12.2017 av Anne-Karin Folkestad

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering