Gjenvinning

Gjenvinning - Klikk for stort bilete Gjenvinning er ikkje berre kjeldesortering på kjøkenet, men omfattar så mykje meir. Ein kan gjenvinne omlag alt, og vi vil i dag vise nokre dømer på dette.

1.Klede er det stort forbruk på generelt i Noreg og verda ellers. Kvar år vert det kasta 8-10 kg tekstiler per person i hushaldningsavfallet, så her det eit stort marked for gjenvinning på riktig måte. Dei fleste klesbutikkar har i dag ein eller anna form for miljøtiltak i si markedføring, og tek i mot brukte kle - og andre tekstilar. Sjå til dømes Lindex og Stormberg. Den store klesprodusenten H&M tek også i mot tekstiler i retur. Ellers kan du sjølvsagt levere til Fretex, donere til frivillege organisasjonar, eller delta/organisere klesbyttedag. Naturvernforbundet arrangerer dette årleg.

2. Vi betalar miljøavgift når vi kjøper kvitevarer og anna elektrisk hushaldningsapparater, som oftast er dette inkludert i prisen. Difor kan du levere og få gratis retur og resirkulering av elektriske artiklar på elektrokjedene som til dømes Elkjøp og Power

3. Forsvarleg gjenvinning av bildekk har dekkprodusentar og dekkimportørar ansvar for, og du kan levere brukte dekk dit. Det kan og gjerast enklast og best ved å levere dei gratis til ein bilverkstad i nærleiken av deg

Kva anna har returordningar? Kva er ditt miljøtips? Høyrer gjerne frå deg på Facebook!