Kjeldesortering og svartelista artar

Kildesortering med et smil - Klikk for stort bilete  Vanleg kjeldesortering kjenner dei fleste til, og nyttar seg av. Det er forlengst slutt på den tida då avfall berre vart kasta på bosfyllinga. No er målet å gjenvinne så mykje som mogleg.

Det er viktig at vi tenkjer på kva kvar enkelt av oss kan bidra med for å hindre at mykje søppel oppstår, og for å sørge for miljøvenleg behandling av det vi kastar.

Avfallsmengda i Noreg er dobla sidan tidleg på 70-talet, noko som heng saman med eit stadig større forbruk. Dersom vi fortset i same tempo som i dag, vil vi doble avfallsmengda nok ein gong innan 2030. Slik kan vi ikkje ha det. Sjå kva tilbod SUM har for kjeldesortering.

 

Parkslirekne i full blomst - Klikk for stort bileteParkslirekne i full blomst Svartelista artar - kva er det? I både flora og fauna er det artar som har kome til Noreg ved hjelp av menneske - bevisst eller ubevisst - som vert rekna som framande artar, og dermed svartelista. Dei vert kalla svartelista fordi dei på ein eller anna måte utgjer ein trussel for etablerte og stadeigne artar i det biologiske mangfaldet. Ei bevisst handling er til dømes når ein tek med seg frø eller avleggarar frå varmare støk fordi ein vil plante den i hagen, eller når ein tek ei plante frå ein stad i Noreg til ein annan (regionalt framand art). Ei ubevisst handling er når insekter eller frø/pollen er med som blindpassasjerar ved import av varer. Begrepet framand art har ei tidsavgrensing på 100 år.

Hagelupin - Klikk for stort bilete Parkslirekne og hagelupin er to av dei mest vanlege framande artane i Noreg, begge også vanlege langs veg. Vegen er ei ferdsleåre for spreiing av frø, desse festar seg på bilen og vert med heile eller delar av køyreturen. Er dette så farleg då tenkjer du kanskje? Dei er jo så fine! Begger artane breier seg utover i areal og tek næringa frå dei som var der først, så berre det er jo ikkje snilt. Parkslirekne veks i tillegg opp rekordraskt og hindrar siktsoner langs vegen. Statens vegvesen tek ansvar for dette ved nye anlegg og langs eksisterande riksvegar Les meir om parkslirekne og hagelupin. 

Her er oversikta over Norsk svarteliste 2012, ei ny og oppdatert utgåve ventast i 2018.

Sjå SUM sine nettsider for infomasjon om levering av svartelista artar.