Kunngjering av vedteken reguleringsplan

Gaular Næringspark, plankart - Klikk for stort bilete

Gaular kommunestyre vedtok i møte 26.04.2018 detaljreguleringsplan for Gaular Næringspark sak 023/18.

Planvedtaket vert med dette kunngjort i samsvar med plan- og bygningslova §12-12.

Plandokumenta med plankart, føresegner, planskildring mm ligg tilgjengeleg på heimesida til kommunen, www.gaular.kommune.no

Gaular kommunestyre sitt vedtak kan påklagast jf plan- og bygningslova §§ 12-12 og 1-9 og Forvaltningslova kap VI.

Klagen må fremjast skrifteleg og sendast til

Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande eller

postmottak@gaular.kommune.no

Frist for å klage er 3 veker etter kunngjering.

Vedlegg til sak KS 23/18