Pantedagen!

Pante flasker - Klikk for stort bilete I dag fokuserar vi på å pante. "Pant alt. Alltid", som dei seier i reklamen. Alle butikkar har pantemaskin, eller tek i mot flasker og boksar som du får pant for. Å pante er noko som er godt innarbeidd hos dei fleste, og det er flott!

Men er ein like flink å levere til gjenvinning flasker utan pant? Sunnfjord Miljøverk har ståande kontainera for gjenvinning av glas og metall i Bygstad og Viksdalen, og på gjenvinningstasjonen på Sande.

Visste du forresten at Gaular kommune sine to bosspann på plenen ved kommunehuset, er inndelt i to avlukker? Det eine for restavfall og det andre for flasker og boksar til pant! Om du ikkje vil pante sjølv eller ta med deg, kan du putte den i avlukke til flasker og andre kan pante for deg. Då vert det samstundes kjeldesortert, ein vinn-vinn situasjon. Då kommunen kjøpte desse i 2014, var det berre 3 solgte over heile Noreg. Denne typen bosspann er særs mykje brukt i Stockholm, og pr i dag er det kun 12 solgte av denne typen i heile Noreg - Gaular har to av dei!

Eit anna flott tiltak som er verdt å nemne i denne samanhengen er at du kan vinne pengar ved å levere jus -og mjølkekartongane dine attende. Returkartonglotteriet går kort sagt ut på å Skyll - Brett - Stapp! Skyll kartongane, press den flat og skriv på namn og telefonnummer, seks stykk oppi den 7. ande. Kvar enkel kartong er eit lodd og du kan vinne opptil 100 000 kr!