Starte prosjekt innan tradisjonelt landbruk eller nye næringar?

Rune Espeland sin fjøs - ferdigstilt i 2017 - Klikk for stort bileteRune Espeland sin fjøs - ferdigstilt i 2017 Planlegg du å starte eit prosjekt eller ny næring? Innovasjon Norge har sett opp lister for når dei opnar for handsaming av søknadar og når søknadane bør vere inne hjå dei.

Erlend Brede Fossen sin fjøs - ferdigstilt i 2017 - Klikk for stort bileteErlend Brede Fossen sin fjøs - ferdigstilt i 2017 Tidsrom for handsaming og innsending av søknad:

  • Mjølkeku: 1. januar – og innan 20. februar.
  • Ammeku: 1. februar – og innan 20. mars.
  • Sau, geit, gris, kylling og egg: 1. mars – og innan 20. april
  • Gjødsellager: 1. april – og innan 20. mai. Her vil vi yte tilskot i storleik 10 - 15 % av godkjende kostnader.

Søknadane som kjem inn i tidsrommet vert handsama likt. Til dømes vert søknadar innan ammeku som kjem inn i tidsrommet 1. februar til 20. mars handsama opp mot kvarandre.

 

Desse vert handsama heile året:

  • Frukt og bær
  • Nye næringar/tilleggsnæringar
  • Generasjonsskifter innan alle gruppene (mjølk, ammeku, sau osv.)

 

Støtte til gjødsellager - retningslinjer
 

Skal du søkje om tilskot til gjødsellager bør du starte søknadsprosessen no. I retningskinjene står det at "Byggjeløyve til oppføring av gjødsellager må vere gitt av kommunen før innsending av søknad om støtte, til Innovasjon Norge."

Det kan løyvast inntil 35 prosent tilskot til godkjende kostnader. Normalt vert det gitt 10 til 15 prosent tilskot.

Her kan du lese Retningslinjer gjødsellager (PDF, 128 kB)

 

 

 

Her kan du finne handlingsplan for 2018

Les meir og finn informasjon hjå Innovasjon Norge

 

 

...

Sist endra 12.02.2018 av Linn Hovlandsdal
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering