Sunnfjord kommune - ny nettside

Nettside Sunnfjord 1 - Klikk for stort bilete

Det er 670 dagar att til vi blir Sunnfjord kommune. Nedtellinga har starta. Følg med på vegen mot ny kommune på prosjektsunnfjord.no

Fire kommunar blir til ein kommune 1. januar 2020

Naustdal, Gaular, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. Arbeidet med ny kommune er godt i gong. Vi har no lansert ei ny nettside der du kan følgje prosessane framover.

 

Reformarbeidet er organisert i administrative og politiske prosjekt. På den nye nettsida finn du vegen inn til kva som skjer innan områda Oppvekst, Kultur, Helse og omsorg med fleire. Informasjon vert lagt ut i takt med avklaringar som vert gjort. 

 

Bruk emneknaggen #sunnfjordkommune

På framsida ønskjer vi òg å spegle kvardagen til innbyggarane i dei fire kommunane. Vi blir svært glade om du merkar bilda dine på Instagram med #sunnfjordkommune. Bilda vil då kome i bildestraumen på framsida av prosjektsunnfjord.no.