Teiknekonkurranse kommunevåpen

Foto kommunevåpen med blyant - Klikk for stort bilete Kommunane Gaular, Naustdal, Jølster og Førde vert Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020. No startar arbeidet med å utforme kommunevåpenet til den nye kommunen.

Send inn forslag til kommunevåpen før 1. mai

Vi inviterer alle som har idèar til kommunevåpen å sende inn forslag før 1.mai 2018. Saman med teikninga skriv du ei kort skildring av idèen bak kommunevåpenet du har laga.

Her finn du informasjon om konkurransereglar og korleis du sender inn forslag

Vi håpar på stort engasjement blant innbyggjarar, tilsette, skular, barnehagar, næringsliv, lag, organisasjonar og alle andre som har gode idèar.

Premie på 10 000 kroner til lag eller organisasjon

Det vert delt ut ein premie på 10 000 kroner. Vinnaren vert trekt tilfeldig blant alle som deltek. Premien må gå til eit lag eller ein organisasjon som er registrert i Brønnøysundregisteret med adresse i ein av dei fire kommunane. Premien kan også gå til ei skuleklasse, ein SFO eller ein barnehage.

Endeleg utforming av fagmilø

Alle bidrag som er levert inn vil bli vurdert av fagmiljøet som skal utforme det nye kommunevåpenet. Idèane som ligg i bidraga vil vere utgangspunktet til det nye kommunevåpenet.