Psykisk helsearbeid og rusomsorg

Psykisk helsearbeid er eit lågterskeltilbod som yter tenester innanfor psykisk helse og rus.

Det kan òg vere hjelp til pårørande.

 

Føremålet med tenesta er å fremje sjølvstende og evne til å meistra eige liv med utgangspunkt i brukaren sine ressursar, ønskje og mål.

Klikk for stort bilete

 

Hjelpa kan bestå av samtalar, råd, rettleiing, informasjon, aktivisering og støtte. Kontakten kan vere i heimen eller på kontoret.

 

Heimebuande i alle aldrar og livsfasar som meiner dei har behov for psykisk helsearbeid og/eller rusomsorga sine tenester, kan søkje om dette.

 

Du kan ringe psykiatritenesta for å få hjelp til å skaffe deg den informasjonen som er nødvendig:

 

Roger Lundekvam:                tlf. 57 71 82 10

Astrid P. Heggheim:              tlf. 57 71 82 11

Britt Aarbergsbotten:             tlf. 57 71 82 10

Eirik Skaar Døskeland (ruskoordinator) tlf. 97 05 41 27