Siste nytt

Hjortevilt - pålegg om å teste for skrantesjuke

Hjort - Klikk for stort bilete

Mattilsynet og Miljødirektoratet har eit nasjonalt kartleggingsprogram for skrantesjuke.

Gaular er ein av i alt 82 tilfeldig utvalde kommunar der hjortevilt felt under jakt skal testast for skrantesjuke.

Miljødirektoratet har no gjort vedtak om å påleggje jegerane som feller hjortevilt i dei aktuelle kommunane under jakta i haust å teste felte hjortevilt for skrantesjuke.

Alle jegerar må registrere felte dyr og skrantesjukeprøva på www.settogskutt.no

Dyr som skal testast: Villrein som er 1 år eller eldre

Hjort som er 2 år eller eldre.

Prøva skal innehalde både hjerne og lymfeknutar.

For å få eit best mogeleg resultat av kartleggingsprogrammet vert det i Gaular arrangert møte den 16. august kl. 20.00 på Sande Kro & Hotell. På møtet blir det gjennomgang av sjølve prøvetakinga og registreringa.

Tilsvarande møte blir arrangert i Førde 21. august, på Jølster 22. august, i Naustdal 23. august og i Florø 27. august.

Møtet er gratis og ope for alle.

Publisert 21.08.2018
Friluftslivets-uke_illu_2017

Den 1.-9. september er heile Norge invitert til å vere med på Friluftslivets uke 2018. Denne veka bugnar det av friluftslivsaktivitetar- og arrangement over heile landet – og i 2017 vart over 650 av desse registrert i aktivitetskalenderen – som vart marknadsført både nasjonalt og i lokalmedia.

Publisert 13.08.2018
Matbjøra rassikring

Grunna  fjellreinsk  blir fv 610  stengt ved Matbjøra.

Dette gjeld frå 09.00 - 15.00 mandag 13. august til og med torsdag 04. oktober.  Mellom kl 11.30 og 12.30 er vegen open for fri ferdsel.

Fredagar, laurdagar og søndagar er vegen open for fri ferdsel.

 


 

Publisert 24.07.2018
Bamseskogen turveg

Gaular kommune må skifte ut hovudvassleidningen for Sande vassverk. Leidningen ligg i same trasé som den populære turvegen gjennom «Bamseskogen». Arbeidet blir utført i perioden juli-oktober. Vegen kan bli stengd mens arbeidet pågår. Heile turvegen blir oppgradert med gatelys, slik at det blir ein samanhengande lysløype mellom Sande og Selstad bru. Kommunen har inngått avtale med grunneigar om «Bamseskogen», og har lagt føringar i prosjektet om at ein berre skal felle dei trea som er nødvendig for å legge ny vassleidning og sette vegen i god stand.

Publisert 05.10.2016

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

Etter søknad kan elevar få permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker (ti skuledagar) når fritaket er fagleg forsvarleg. For fri utover to veker gjeld det eigne reglar om utmelding.

Søknad om permisjon/skulefri