Nyhende
Publisert 28.04.2017
Storfe på beite, Årneset .jpg

Frist for å søkje om produksjonstilskot er 15. mai 2017. Teljedato er 1. mai 2017.

 

 

 

Publisert 26.04.2017
Revebjeller

Det vert vegstenging fv 610 27.april 2017.

Melding frå Statens vegvesen: 

Gjer vidare merksam på at det vil pågå mykje tungbilkøyring på fv 13 som fylgje av dekkelegging  Mjell –Eldalsosen.

Neste veke vil det betre seg noko, då vil det pågå dekkelegging fv 13 Vikja – Råheim.

Etter dette blir det vidare dekkelegging og på fv 610 og fv 421 i løpet av mai månad

Publisert 26.04.2017
Ekonsultasjon

 

Gaular legekontor er eitt av utvalde legekontor i landet som er med i utprøving av fastlegekontakt via nett.

Du kjem i kontakt med fastlegekontoret ved å logge inn på Min helse

Kva er e-konsultasjon:

E-konsultasjon gjev deg ein enkel og trygg kommunikasjonskanal til fastlegen når du treng helsehjelp som ikkje er akutt.

 

Publisert 25.04.2017
Jonsokbål.JPG

Reglar for open brenning i Gaular kommune

I tida 15. april til 15. september er det forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. Søknadsskjema for brenning i denne perioden er tilgjengeleg på tenestetorget og link nede i artikkelen.

Brenning av avfall og impregnert, malt eller på annan måte overflatebehandla trevirke er forbode.

Det er ikkje tillate å brenne næringsavfall. Alle verksemder skal levere avfall til godkjend mottak, inkludert pallar.

Utanfor perioden ovanfor er det tillate med visse typar open brenning og brenning i småomnar etter lokal forskrift for Gaular kommune.

Søknadskjema for brenning (PDF, 101 kB)  

Publisert 08.03.2017
Viksdalen - Tour des Fjords.jpg

Velkommen til sykkelfest gjennom Sogn og Fjordane 24. mai 2017.

Årets Tour des Fjords har lagt første og lengste etappen av sykkelrittet gjennom Balestrand, Gaular, Jølster og Førde.

Facebook

Instagram       Informasjonside

 

 

 

Publisert 02.03.2017
Fleten

Eigedomsskattelista for 2017 er lagt ut til offentleg gjennomsyn i 3 veker frå 01.03.2017(Eigedomsskattelova §§ 14 og 15). Lista er utlagt på tenestetorget i kommunehuset og viser alle eigedomar med takst, skattesats og eigedomsskatt.

Kvar enkelt får tilsendt skattesetel. Det er 6 veker klagerett. Eigedomsskattegrunnlaget er kontorjusert med 10 %.

 

Eigedomsskatteliste 2017 (PDF, 11 MB)- offentleg ettersyn

Publisert 24.02.2017
Digital postkasse.jpg

Gaular kommune går  i løpet av mars  over til å sende post digitalt. Har du allereie skaffa deg digital postkasse hjå Digipost eller e-Boks vil breva kome i den postkassen du har valt. Om ikkje du har valt digital postkasse vil breva kome i Altinn. 

Publisert 15.02.2017
Viksdalen

 I Gaular er det mange og ulike aktivitetar. Dei fleste er i regi av frivillige organisasjonar.

Vi ynskjer i den forbindelse å lage ei oversikt over desse på Gaular Kommune sine nettsider.

Vi treng derfor dykkar hjelp.

Vedlagte oversikt er henta frå Brønnøysund registeret. Som dykk ser så manglar det ein del informasjon.

Ynskjer tilbakemelding på fylgjande:

Leiar, telefon, epost og heimeside – sendast på mail til postmottak@gaular.kommune.no

 

Skulle din organisasjon mangle på lista så send oss info. Håpar alle kan være med å bidra og dele informasjon vidare.

Etter kvart som ein får inn informasjon blir dette lagt ut på heimesida til Gaular Kommune under Lag og organisasjonar.

På førehand takk for hjelpa!

Publisert 11.07.2016
Gaular Næringspark  oversiktskart.JPG

 

 

 

 

Kunngjering av planoppstart for ein privat detaljreguleringsplan for Gaular Næringspark gnr. 61, bnr. 20 mfl. i Gaular kommune

 

I medhald av Plan og bygningslova sin §12-8 vert det varsla om oppstart av detaljreguleringsplan for eit område aust for nye E39 på Sande, del av gnr.61, bnr. 20 mfl. med planavgrensing som vist på kartutsnittet, fig. 1.

 

Varsling av planoppstart (PDF, 983 kB)Gaular Næringspark

 

Annonse (PDF, 703 kB) Gaular Næringspark

Publisert 15.04.2016
Jonsokbål

I tida 15. april til 15. september kan ein ikkje gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen. I tillegg kan kommunen innføre forbod i bestemte område utover dette tidsrommet dersom brannfaren er spesielt stor.

 

Publisert 19.01.2016
Brua til Øyrane.jpg

Kommunestyret skal i møte 28.01.2016 ta standpunkt til om vi skal gjennomføre ei rådgjevande folkerøysting i samband med handsaminga av spørsmålet om kommunesamanslåing.

Styringsgruppa har framlegg om eventuelt å gjennomføre folkerøysting 4. april 2016.

Det er vidare framlegg om å gje dei som er fødde 31.12.2000 og tidlegare røysterett.

 

Det er kor du er folkeregistert pr 01.02.16 som avgjer kva kommune du kan røyste i.  Dersom du ynskjer byte røystekommune må flytting meldast Folkeregisteret i noko tid før 01.02.16.

Flytting kan meldast elektronisk via Skatteetaten si heimside –

http://www.skatteetaten.no/no/Person/Folkeregister/

Publisert 11.08.2015
Kjernejournal

            

 

 

Har du en sjeldan sjukdom eller alvorleg allergi?

 

Våren 2015 fekk alle innbyggarane i Sogn og Fjordane ein kjernejournal. Denne elektroniske tenesta samlar helseopplysningar som er spesielt viktige dersom du får behov for akutt hjelp og får behandling ein stad du ikke har vore før. Har du alvorlege sjukdomar eller allergiar kan du snakke med fastlegen din og be han/henne om å legge dette inn i  kjernejournalen din.

Publisert 16.06.2015
Kulturlandskap

 

Publisert 18.05.2015
Viksdalen.jpg

IT-forum Sogn og Fjordane Breiband har i over 10 år mogleggjort og drive samarbeid om planlegging og gjennomføring av breibandutbygging i kommunane. Dette samarbeidet har vore avgjerande for både mobilisering og planlegging av ei lang rekkje breibandprosjekt. IT-forum utfører eit omfattande arbeid med å initiere, samordne og sikre viktige utviklingsaktivitetar til nytte for heile fylket.  

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering