Høyring – utbygging av breiband i Gaular kommune

 Fiberutbygging.jpg - Klikk for stort bilete

Gaular kommune vil søkje om statleg tilskot til utbygging av breiband i kommunen. Vi vil i år søkje om tilskot for utbygging i Viksdalen (Rørstad - Viksdalen).

 

Eit av krava til søknaden, er at planen for utbygging skal vere lagt ut til offentleg høyring i minst ein månad. Bedrifter og innbyggjarar som ønskjer å uttale seg til høyringa, må gjere dette innan 10. april 2017.

 

Kommunen arbeidar for at innbyggjarane skal ha eit godt og stabilt tilbod om digital kommunikasjon både gjennom fast – og mobilnett. Det er bygd ut fiber aksessnett til delar av kommunen, men mange har framleis eit aksessnett basert på ADSL og radiolinje med låg kapasitet og kvalitet.

Dagens samfunn baserar store delar av tenestetilbodet på at innbyggjarane har tilgang til internett. Sogn og Fjordane er det fylket i landet med dårlegast dekning av høghastigheits breiband. Utbyggingsbehovet i kommunen er stort.

For å betra på situasjonen, vil Gaular kommune søkje om finansiering til å byggje ut høghastigheits breiband til innbyggjarar, næringsliv og offentlege institusjonar i område som i dag manglar eit tilfredsstillande tilbod. Gaular kommune vil i år søkje om støtte til:

  1. Rørstad – Viksdalen

Området kommunen planlegg å søkje til, er vist i kartutsnittet. Vi gjer merksam på at tilskotsordninga ikkje opnar for å søkje støtte til område som alt har tilbod om 30 Mbit/s nedstraums kapasitet eller meir.

Regjeringa har gitt «nasjonal kommunikasjonsmyndighet» (NKOM) i oppgåve å administrere tilskotsordninga. Kommunar og fylkeskommunar kan søkje NKOM om støtte.

Fristen for høyringa er 10. april 2017. Innspel kan sendast på e-post til postmottak@gaular.kommune.no og merkast «høyringsuttale breibandsutbygging»

Kart (PDF, 715 kB)

Publisert av Anne-Karin Folkestad. Sist endra 07.03.2017 av Anne-Karin Folkestad
  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
{{sprakVariabler[s.stegnavn] }}
Krever innlogging: {{skjemainfo.SkjemaNavn}}
  • {{sprakVariabler[innlogging.InnloggingsTekst]}}

{{sprakVariabler["LoggInnEpost"]}}
*Feil brukernavn eller passord. Vennligst prøv igjen.
*Brukernavn kan ikke være tom
*Passord kan ikke være tom

{{sprakVariabler["GlemtPassordTekst"]}}

*Epostadressen er ikke registrert
vennligst vent...

Du vil straks motta en e-post med kode. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

{{sprakVariabler["NullstillPassordTekst"]}}

Du vil snart motta en e-post med informasjon om aktivering av brukerkontoen din. Trykk på lenken i e-posten for å gå videre i prosessen

Kontoen din er nå aktivert, trykk på knappen under for å gå videre.

Aktiveringslenken du har trykket på er ikke lengre gyldig

  • {{sprak.SprakNavn}} {{sprak.SprakNavn}}
 
 
Login for redigering