Vis alle

Kyrkjeleg fellesråd

Leiar i Gaular sokneråd Helga Endal

Nestleiar Lars Eirik Aase

Sokneprest Frode Skeide

Kyrkjeverje Magna Lisbeth Lunde

SOKNESTRUKTUREN I GAULAR  OVERGANG FRÅ TRE TIL EITT SOKN:

 

Med bakgrunn i utvalsrapporten "Vegen vidare" var det ein grundig gjennomgong av om ein skulle gå frå 3 til 1 sokn.

 

Det vart derfor gjennomført 3 soknemøte i Gaular (eitt i kvar av sokna) der saka vart handsama. I alle dei tre soknemøta var det fleirtal for at ein skulle redusere talet på sokn frå tre til eitt. Gaular kommune hadde i sin uttale av 28.09.10. ikkje merknader til samanslåiing frå tre til eitt sokn.

 

Bjørgvin bispedømeråd fatta i sak BBDR 087/10 av 02.11.2010 følgjande endelege vedtak.:

 

  • Bjørgvin bispedømeråd vedtek å slå saman Viksdalen, Sande og Bygstad sokn til eitt sokn, med verknad frå den dagen det nye soknerådet som vert vald ved kyrkjevalet 2011 trer i funksjon.
  • Namnet på det nye soknet vert Gaular sokn.

 

Ovannemnde inneber at Gaular sokneråd erstattar dei tre tidlegare sokneråda og Gaular kyrkjelege fellesråd. Det nye rådet er samansett slik:

8 representantar valde av medlemmane av DNK i Gaular

Soknepresten

Ein representant vald av kommunen.

Den kommunale representanten som er vald av Gaular kommune har møte og stemmerett i dei saker som tidlegare var handsama av fellesrådet.

I samband med overgangen til eitt sokn har Gaular sokneråd den 04.01.12 i sak GSR 07/12 vedteke ein ny organisasjonsplan.

 

Organisasjonsplan. (PDF, 85 kB)

 
Publisert av Anne Karin Folkestad. Sist endra 15.02.2012 av Anne-Karin Folkestad
 
padlock