Namnsetting av vegadresseparsellar


Kva saka gjeld
 

Du kan kome med merknadar og forslag til namn på vegar som skal inngå i nye og endra offisielle adresser i Gaular kommune. Dette kan gjelde di nye adresse, det kjem fram av oversikta nedanfor.

Frist for å kome med merknad eller forslag til vegnamn er 15. desember 2018.

 

Bakgrunn for saka


Det er eit nasjonalt og lokalt mål at offisielle adresser skal vere vegadresser og ikkje matrikkeladresser (gnr./bnr.).

Dette for å sikre eit adressesystem som er tydeleg og logisk oppbygt for adressebrukarasom naudetatane ambulanse, brann og politi, transportfirma og private

Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt og fastset offisiell adresse.

Kommunen sitt ansvar kan delast inn i to hoveddelar, adressestyresmakt og namnestyresmakt.

Rådmannen er adressestyresmakta og har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen og tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift.

Det skal utarbeidast hensiktsmessige adresseparsellar som skal ha som hovedmål å gjere det enkelt for alle å finne fram. Desse adresseparsellane er no vedtekne av rådmannen. Den delen  av eit vegnett som skal ha eige vegnamn vert kalla ein adresseparsell.

Gaular formannskap er namnestyresmakt og har ansvaret for namnsetting og gjer vedtak om namn og skrivemåten på adressenamn og stadnamn etter reglene i Lov om stadnamn.  Namnestyresmakta har ikkje høve til å gjere endringar på adresseparsellar som adressestyresmakta har utarbeida, men skal finne gode namn til desse

Fellesnemnda for kommunane Førde, Jølster, Naustdal og Gaular, som frå 01.01.2020 skal utgjere «Sunnfjord kommune», har oppretta eit felles adresseprosjekt for desse kommunane.  Prosjektet skal sikre eit einsarta og logisk adressesystem innanfor det felles adresseringsområdet. Det er vedteke at Førde sentrum skal vere utgangspunktet for adresseringa.

Vegadresseprosjektet for «Sunnfjord kommune» er starta og det er ei målsetting at 90 % av adressene skal vere vedtekne vegadresser pr. 31.06.2019.

Hytter, fritidshus, stølar og liknande som er lokalisert utan klart vegsystem vil i all hovudsak ikkje vere omfatta av dette adresseprosjektet.

 

Du kan sende inn forslag til namn på vegar/vegadresseparsellar i kommunen


Rådmannen har vedteke inndeling i vegadresseparsellar, det vil seie den delen av vegnettet som skal ha same vegnamn.
Det er no klart for å starte arbeidet med tildeling av namn til desse vegane. Kommunen ynskjer å få inn namneforslag på desse vegane som grunnlag for vedtak av vegadresser som offisielle adresser, jamfør § 51 i matrikkelforskrift

Kommunen ynskjer få inn forslag til namn før namneforslag vert sendt til aktuelle lag/organisasjonar og andre instansar på formell høyring.
 

Vegar som no skal tildelast namn er synt her (vegar med same farge skal ha same namn):
 

 

 

 

Internettside som syner vedtekne vegadresseparsellar

 

 

Forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, Sogn og Fjordane er fastsett av Gaular kommunestyre 21. juni 2018 med heimel i lov 17. juni 2005 nr. 101 om eigedomsregistrering (matrikkellova) § 21 andre ledd, forskrift 26. juni 2009 nr. 864 om eiendomsregistrering (matrikkelforskriften) § 59, lov 18. mai 1990 nr. 11 om stadnamn og forskrift 1. juni 2007 nr. 592 om skrivemåten av stadnamn.

I den lokal forskrifta § 7 kjem det fram retningslinjer for val og skrivemåte for adressenamn:

  • 7.1 Stadnamnlova

    Adressenamn skal fylgje reglane i stadnamnlova.

  • 7.2 System for adressering

    Adressenamnet må passe inn i eit samordna system for adressering. Namna bør vere lette å oppfatte, skrive og uttale. Adressenamn skal vere slik at dei ikkje vert forveksla med andre eksisterande adressenamn eller mykje brukte og allment kjende stadnamn i adresseområdet.

  • 7.3 Adressenamnet

    Adressenamnet bør høve på staden og verke lokaliserande. Det bør byggje på lokal namnetradisjon eller på lokal kultur og historie. Namnet bør ikkje verke støytande eller komisk. Gjennom namnsettinga skal ein verne om og ta vare på lokal kulturarv.

  • 7.4 Namn etter personar

    Namn på personar som er i live bør ikkje brukast i adressenamn. Namn på avdøde personar skal berre brukast når det er særlege grunnar for dette.

  • 7.5 Skrivemåten

    Skrivemåten skal ta utgangspunkt i den nedervde, lokale uttalen og følgje gjeldande rettskrivingsprinsipp for norsk. Der rettskrivinga gjev rom for varierande normering, skal ein nytte den målforma som ligg nærast opp til nedervd uttale på staden der adresseparsellen ligg.

  • 7.6 Unngå like namn

    Unngå i størst mogleg grad like namn i nabokommunar/same «utrykkingsområde».

Kommunestyret si mynde etter Lov av 18.05.1990 nr. 11 om stadnamn  (Stadnamnlova) med tilhøyrande forskrifter vart den 04.10.2018 i sak nr. KS-046/18 delegert til formannskapet.

Formannskapet er etter dette namnemynde, og vedtek namn og skrivemåte for stadnamn og adressenamn som kommunen har avgjersmynde for. 

Før formannskapet gjer vedtak,  sender administrasjonen sine framlegg til namn  på høyring.  Dette vert lagt ut på kommunen si heimeside, slik at faste høyringspartar og aktuelle foreiningar/lag og organisasjonar, verksemder og enkeltpersonar i kommunen/området får høve til å kome med merknadar og forslag til namn.

Stadnamntenesta for Vestlandet skal ha forslaga til høyring.

Nærare opplysningar og dokument som syner vedtekne adresseparsellar som skal settast namn på, er lagt ut på kommunen si heimeside www.gaular.kommune.no, samt lagt ut til gjennomsyn på kommunehuset på Sande, Spar Bygstad og Joker-butikken på Viksdalen.

Merknader og forslag til namn sendast til:

Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord            eller pr. e-post til:        postmottak@gaular.kommune.no

 

Frist for å kome med merknad og forslag til vegnamn er 15. desember 2018


Dersom du har spørsmål kring namnsettinga eller adresseprosjektet, kan du kontakte:


Trond Hegrestad
næring og teknisk

Telefon: 57 71 85 23
Epost: trond.hegrestad@gaular.kommune.no

Kontakt

bilde av personen: Trond Hegrestad
avd.ing. oppmåling
  • Tlf: 57718523
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: