Nyhende framside
Publisert 08.11.2018
Innbyggarinnsyn

Vil du sjekke fakturaene dine i Gaular kommune? Du kan no som innbygger enkelt få innsyn i eigne fakturaer. I tillegg er det mogleg å søke om betalingsutsetting.

Logg inn og sjekk fakturane dine

Innsyn får du enkelt ved å logge inn her:
 

Fakturainnsyn i Gaular kommune

 

Du får innsyn i både ubetalte fakturaer og fakturahistorikk. Om du treng betalingsutsetting på ein faktura kan du gjere det her i staden for å ringe til kommunen. 

 

Har du spørsmål, eller er noko uklart?

Ring Tenestetorget på telefon 57718500

Publisert 30.10.2018
Papir PC

Gaular kommune har starta med å sende faktura digitalt til våre kundar.

Dersom du har reservert deg frå å få elektronisk post og ikkje har ein avtale som er lista opp under, vil du framleis få fakturaen din heim i postkassen

 Fakturaen frå oss vil no vere utan bankgiroblankett.

Video fakturadistribusjon

 

Publisert 29.10.2018
Adresse prestegardsvegen

- overgang frå matrikkeladresser til vegadresser



 



Bakgrunn
 

Det er eit nasjonalt og lokalt mål at offisielle adresser skal vere vegadresser og ikkje matrikkeadresser (gnr./bnr.).

Dette for å sikre eit adressesystem som er tydeleg og logisk oppbygt for adressebrukarar som naudetatane ambulanse, brann og politi, transportfirma og private.

Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt og fastsetter offisielle adresser.

Kommunen sitt ansvar kan delast inn i to hoveddelar, adressestyresmakt og namnestyresmakt.

 

Adressestyresmakta har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen og tildeler

offisielle adresser etter reglane i matrikkellova med tilhøyrande forskrift.

Det skal utarbeidast hensiktsmessige adresseparsellar som skal ha som hovedmål å gjere det enkelt for alle å finne fram.

Den delen av eit vegnett som skal ha eige vegnamn vert kalla adresseparsell.

 

Namnestyresmakta har ansvaret for namnsetting og gjer vedtak om namn og skrivemåten på adressenavn og stadnamn etter reglene i Lov om stadnamn.

Namnestyresmakta har ikkje høve til å gjere endringar på adresseparsellar som

adressestyresmakta har utarbeida, men skal finne gode namn til desse.

 

 

Publisert 24.10.2018
Bredbåndskabler

UTBYGGING AV BREIBAND I VIKSDALEN

KS-084/17 vedtak om utbygging av breiband i Viksdalen .

Breiband utbygging er eit «spleiselag» mellom Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Gaular kommune og Telenor som utbyggar. I tillegg må abonnementen betale eit fiberbidrag som er rekna til kr. 7000,- pr. hus og er lik for alle husstandar i prosjektet..

Val av løysing for framføring av breiband til husstandar er Telenor sitt ansvar.

Utbyggingsperioden er berekna avslutta innan utgangen av 2019.

Prisen for å få breiband inn i huset vil vere, 7000 kroner i fiberbidrag til Gaular kommune, 1990 kroner i etableringskostnad til Telenor og prisen for eit abonnement (Abonnement prisen vil variere med val av pakkeløysing).

Etter modell frå liknande utbygging vil Gaular kommune inngå avtale med grendelaga om innkrevjing av eigenandel frå husstandar. Representant frå grendelaget tek kontakt med kvar husstand med informasjon om innbetaling.

Ynskjer du å inngå avtale med Telenor Norge AS om breiband, ta kontakt med Ole Kristian Lunde Johansen, tlf. 954 43 289, epost. okj@incitex.no

 

 

 

Publisert 16.10.2018
Flaum

Den offentlege naturskadeordninga kan erstatte skader som direkte skuldast ei naturulykke som f.eks. flaum, storm, stormflo og skred. Ordninga omfattar skader der det ikkje er mogleg å teikne privat forsikring.

 

 

 

 

Publisert 15.10.2018
Blåtime i Gaular

Kva er ditt kulturminne?

Gaular kommune inviterer til oppstartsmøte for kulturminneplan tysdag 23. oktober kl. 19.00 på kommunehuset på Sande. Har du interesse for kulturminne, og kanskje kunnskap som er relevant for Gaular kommune sin kulturminneplan, så håper vi du vil komme og hjelpe oss i gang med arbeidet.

Frå kulturavdelinga i Sogn og fjordane fylkeskommune kjem Birgit Tansøy og Knut Ivar Åland for å gje oss kunnskap og inspirasjon!

 

Publisert 10.10.2018
Gaularhallen

Gaular kommune formidlar spelemidlar for anlegg og friluftsliv og til nærmiljøanlegg. Søknad sendast elektronisk via: www.anleggsregisteret.no Søknadsfrist: 1. november.

Publisert 10.10.2018
Vinnarbilete
Gaular kommune delar ut aktivitetstilskot til lag og organisasjonar. Føremålet med tilskotsordninga er å stimulere til aktivitet og tilskipingar i Gaular kommune. Aktivitet for barn og unge vert prioritert. Søknadsfrist: 1. november.

 

Publisert 09.10.2018
Kulturpris 2017 1

Gaular kommune oppmoder personar, lag og organisasjonar om å sende inn framlegg til kandidatar til Kulturprisen 2018. Kulturprisen kan gjevast til personar, lag og organisasjonar eller grupper med særskilt engasjement for kulturlivet i kommunen. Send framlegg med grunngjeving til postmottak@gaular.kommune.no innan 1. november.

 

Publisert 24.08.2018
vannglass

Det vert kloring av vatnet til Bygstad vassverk frå 24.08.18 og inntil vidare.

Gjeld strekninga Bygstad til Storehaug.

Vakttelefon: 959 80 992