Bålplassar er ikkje avfallsplassar

-Vi har kartlagt bålplassar i kommunen og funne at mange er flinke til å brenne berre det dei har lov til. Samtidig er det ein del bålplassar som minner meir om avfallsplassar, seier Stig Olav Kleiven, miljøkonsulent i Gaular kommune.

Brenning av avfall er regulert i ei lokal forskrift som skal hindre forureining og helseproblem som følgje av open brenning og brenning av avfall i småomnar.

Kommunen har sendt brev til grunneigarane på bålplassane med påminning om reglane.

-I første omgang ønskjer vi å informere folk om kva dei kan brenne og ikkje brenne, og kor tid dei kan brenne. Men vi vil også følgje opp dei som ikkje rettar seg etter reglane, seier Kleiven.

 

 

 

Kva kan du brenne

  • Du kan brenne på grillinnretningar, utepeisar og kaffibål.

  • Du kan brenne ved og reint trevirke i vedomn.

  • Du kan bruke avispapir og liknande til opptenning i vedomn heime eller på hytta. Men vi tilrår at du brukar tennbrikkar for å unngå sot i pipa.

  • Du kan brenne jonsokbål i tida for feiring av jonsok/sankthans.

  • Det er også lov med bråtebrenning og brenning av tørt hageavfall utanfor tettbygd strøk.

 

Kva kan du ikkje brenne

  • Du har ikkje lov å brenne impregnert, malt eller behandla trevirke, anna byggematerial, papp-, plast- eller gummiprodukt. Dette er avfall som du må levere til godkjend mottak.

  • Pallar frå landbruksføretak og andre bedrifter er næringsavfall og er heller ikkje lov å brenne.

 

Kor tid kan du brenne

I perioden 15. april til 15. september er det generelt forbode å gjere opp eld i eller i nærleiken av skog og annan utmark. I tillegg kan brannvesenet legge ned totalforbod dersom det er stor brannfare i terrenget. Vi tilrår at du alltid melder i frå til kommunen dersom du skal brenne noko, sånn at kommunen kan melde det vidare til alarmsentralen. Slik kan vi unngå unødvendige utrykkingar for brannvesenet.

 

Kva må du gjere no

Du har ansvar for at bålplassen din til ei kvar tid berre inneheld ting som er lov å brenne. 

Kommunen vil føre tilsyn med at du følgjer opp dette. Brot på forskrifta kan føre til straffeansvar etter forureiningslova. Ta kontakt dersom du ønskjer å få tilsendt bilete frå kommunen si synfaring.

 

Vis bålvett

  • Ha alltid slokkemiddel i nærleiken av bålet.

  • Forlat ikkje bålet før det er heilt slokna.

  • Vått hageavfall og trevirke gir mykje røyk og dårleg forbrenning. Dekk til bålet slik at det held seg tørt til du skal brenne.

  • Brenn helst når det regnar.