Breiband Viksdalen

Bredbåndskabler - Klikk for stort bilete

UTBYGGING AV BREIBAND I VIKSDALEN

KS-084/17 vedtak om utbygging av breiband i Viksdalen .

Breiband utbygging er eit «spleiselag» mellom Nasjonal kommunikasjonsmyndighet, Sogn og Fjordane fylkeskommune, Gaular kommune og Telenor som utbyggar. I tillegg må abonnementen betale eit fiberbidrag som er rekna til kr. 7000,- pr. hus og er lik for alle husstandar i prosjektet..

Val av løysing for framføring av breiband til husstandar er Telenor sitt ansvar.

Utbyggingsperioden er berekna avslutta innan utgangen av 2019.

Prisen for å få breiband inn i huset vil vere, 7000 kroner i fiberbidrag til Gaular kommune, 1990 kroner i etableringskostnad til Telenor og prisen for eit abonnement (Abonnement prisen vil variere med val av pakkeløysing).

Etter modell frå liknande utbygging vil Gaular kommune inngå avtale med grendelaga om innkrevjing av eigenandel frå husstandar. Representant frå grendelaget tek kontakt med kvar husstand med informasjon om innbetaling.

Ynskjer du å inngå avtale med Telenor Norge AS om breiband, ta kontakt med Ole Kristian Lunde Johansen, tlf. 954 43 289, epost. okj@incitex.no