Fellingskvoter for villrein i Sogn og Fjordane

Fellingskvoter for villrein 2019, fastsett av villreinnemnda for Sogn og Fjordane

 

Villreinnemnda for Sogn og Fjordane har i møte 30.04.2019, sak V-19 11, gjort fylgjande vedtak med heimel i Forskrift om forvaltning av hjortevilt av 8. Januar 2016, §§ 28 og 29:

 

 

Svartebotnen villreinområde

Det vert tildelt 23 løyver i Svartebotnen villreinområde. Fellingsløyva vert fordelt på kjønn og alder jfr. § 29, slik: Frie løyver: 10 simle/ungdyr: 7  kalv: 6.

 

Sunnfjord villreinområde

Det vert tildelt 15 løyver i Sunnfjord villreinområde. Fellingsløyva vert fordelt på kjønn og alder jfr. § 29, slik: Frie løyver: 5 simle/ungdyr: 5  kalv: 5.

 

Førdefjella villreinpmråde

Det vert tildelt 10 løyver i Førdefjella villreinområde. Fellingsløyva vert fordelt på kjønn og alder jfr. § 29, slik: Frie løyver: 2 simle/ungdyr: 4  kalv: 4.

 

Lærdal/Årdal villreinområde

Det vert tildelt 15 løyver i Lærdal/Årdal villreinområde. Heile kvoten vert tildelt som frie løyver etter § 29. Berre ein kategori fellingsløyver vert nytta då kvoten er tildelt på grunn av ekstraordinære tilhøve, der målet er å maksimere verdien av kvart løyve i høve til CWD-testing.

 

Vest-Jotunheimen villreinområde

Det vert tildelt 40 løyver i Vest-Jotunheimen villreinområde. Løyva vert tildelt etter § 29, 4. ledd slik: Frie løyver: 24 simle: 16. Pga ekstraordinære tilhøve, der målet med jakta er å få ut prøver for CWD-testing, ynskjer ein berre vaksne dyr i uttaket.

 

Utdjuping av vedtaka kan sendast frå villreinnemnda på oppmoding. Valdansvarlege er tilskreve pr. brev. Vedtaka kan påklagast til Miljødirektoratet innan tre veker. Evt. klage lyt vere skriftleg og skal sendast til Sogn og Fjordane villreinnemnd, adr. Sogn Naturforvaltning AS, Fresvikvegen, 6896 Fresvik.