Fristen for å spreie silopressaft er forlenga til 1. oktober 2018

 

På grunn av tørke tidlegare i sommar har mange gjødsla opp att til ein tredje slått for å sikre seg nok grovfôr til dyra. Ein tredjeslått inneberer at det vert produsert silopressaft seinare på året enn eit "vanleg" år med to slåttar. På bakgrunn av dette er spreiefristen for silopressaft forlenga til 1. oktober 2018 for heile Gaular kommune.

Gras 1 - Klikk for stort bilete

Det kan berre spreiast på godkjendt spreieareal jf. forskrift om gjødselvarer mv. av organisk opphav § 24 punkt 1 og vi minner om den generelle plikta til å unngå ureining jf. ureiningslova § 7 som mellom anna inneberer at det skal haldast tilstrekkeleg avstand til vassdrag, elv, bekk, kantsone osv.

For å lese meir om dette kan du lese saka på postlista.

 

 

 

 

 

 

 

 

...