Fusjon mellom BKK AS og Sunnfjord Energi AS

Klikk for stort bileteSaka om fusjonsplanane mellom BKK AS og Sunnfjord Energi AS skal opp i formannskapet 13. juni og kommunestyret 20. juni 2019. Her finn du saksdokumenta som er sendt til politikarane. 

Fusjonssaka til behandling i Gaular kommune

 

Sunnfjord Energi har sidan 28. februar 2019 vore i fusjonsforhandlingar med BKK. Styret i Sunnfjord Energi har tilrådd eigarane å vedta fusjonen.

Eigarkommunane skal behandle denne tilrådinga, og avgjere om dei vil stemme for eller imot fusjon på generalforsamlinga i Sunnfjord Energi 26. juni 2019.

I Gaular kommune skal saka opp i formannskapet 13. juni og kommunestyret 20. juni 2019.