Gaulafondet 2019

Søknadsfrist 20.mars

2019 er siste året Gaular kommune har denne tilskotsordninga.

Gaulafondet vart oppretta med vedtekter i Gaular kommunestyre den 5. september 1995. Dette er eit næringsfond som kommunen har fått som erstatning fordi Gaularvassdraget ikkje vart utbygd. Det vart løyvd 10 mill. av Stortinget den 19. desember 1994 som kapital til fondet. Det er berre realavkastinga som vert nytta til tilskot og betinga lån. Fondskapitalen vert regulert av konsumprisindeksen i desember året før, og realavkastning som ikkje er nytta eit år kan nyttast året etter eller seinare år.

Gaulafondet skal først og fremst nyttast til næringsføremål, også kommunale tiltak .Prosjekt som er med å gje kvinner og ungdom betre sysselsetjing, vert høgt prioritert. Det kan ikkje gjevast støtte til sanering av gjeld eller drift. Samla finansiering frå fondet til private næringstiltak skal som hovudregel ikkje vere på meir enn 50% av samla kapitalbehov for eit prosjekt, men for kvinner og ungdom kan det gjevast opptil 75%. Maksimalt 400 000 kr kan gjevast til eit og same prosjekt over ein tre-årsperiode. Søknadane sendast til kommunen saman med eit kostnadsoverslag. Søknadane vert behandla i Utval for næring og teknisk.

Søknad sendast: postmottak@gaular.kommune.no innan 20.mars

 

Gaulafondsvedtekter (PDF, 487 kB)

Krav til innhald i søknaden (PDF, 22 kB)