Hamnebåten til Alden hamneområde er i drift

No er hamnebåten for Alden hamneområde i drift.  24 mai var det dåp i Flora. Båten fekk namnet Ytterøyane etter namnekonkurranse i Flora hamn.

Her var m.a. rådsmedlemmane frå dei 7 kommunane hamneområdet inviterte. Som det går fram av bilde møtte tre rådsmedlemmar.

 

 

 

 

På bilde ser vi frå venstre Vidar Grønnevik(leiar) frå Flora, hamnesjef Linda Mortensen Midtbø, Magnar Hellebust ,Gaular  og Torill Anita Segtnan, Førde.

 

Båten kan nyttast  til : Frakting av gods, fendring av kaiar, sleping av diverse, strandrydding, vedlikehald av utstyr, bistand ved oljevern, osv.

 

Fakta om båten: Nedfellbar baug, 2xnokker på 2 tonn, kran på 3 tonn,  slepemoglegheiter, høgtrykkspyling, ca. 1000 hk fordelt på to motorar, vassjetar som lettar tilkomst på grunne plassar, lastemoglegheiter på ca 5 tonn inkl. fulle tankar og 3 mannskap, toalett og kjøkkenenfasilitetar.