Informasjon om planlagde undersøkingar i Njøsenelva oktober 2018

Gaular kommune vil informere alle som har tilgrensande eigedomar til Njøsenelva.

 

Kommunen er med i Sunnfjord vassområde og alle kommunane kan kome med innspel til kva elvar som kan vere av interesse å undersøkje nærare. Difor har kommunen hyra inn konsulentar til å vurdere miljøpåverknaden av forbyggingar og utrettingar i Njøsenelva. Dette er finansiert av Sunnfjord vassområde, Fylkeskommunen og Fylkesmannen. Undersøkinga vil særleg handle om korleis laks og aure blir påverka, og kva grep som kan gjerast for å styrke fiskebestandane i elvene. Undersøkinga er ein del av oppfølginga av vassforskrifta, og blir gjort i samarbeid med fleire andre kommunar i fylket og fylkeskommunen.

 

Det er konsulentselskapet NORCE (tidlegare Uni Research Miljø) som skal utføre oppdraget. I felt skal dei m.a. gjennomføre habitatkartlegging, som går ut på å registrere botnsubstrat, skjulforhold, gyteområde, elvemorfologi, vandringshindre, kantvegetasjon m.m. I tillegg skal det utførast elfiske og gytefisktelling i enkelte av elvene. Undersøkingane vil bli utført i løpet av oktober 2018, dersom vassføringa tillèt det.

 

Kart over Bygstad-vassdrag - Klikk for stort bilete

Utdrag frå lovverket:

 

Om retten til å synfare vassdrag seier Vassressurslova §55 (rett til opplysninger og synfaring):

Vassdragsmyndigheten skal for sitt tilsyn ha uhindret tilgang til vassdragstiltak, vassdrag og nedbørfelt..

 

(Klikk på biletet for større visning)

 

Gaular kommune håpar de tek vel imot dei som skal utføre oppdraget.