Interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019-2030, offentleg ettersyn

Førde, Gaular, Jølster og Naustdal kommune har utarbeidd framlegg til interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019–2030.

Plan med prioritering av klimatiltak

Planen er todelt og har ein kunnskaps- og plandel og eit handlingsprogram. Kunnskaps- og plandelen skildrar status, utviklingstrekk, utfordringar og mål for planperioden. Handlingsprogrammet inneheld 32 tiltak for perioden 2019–2022, og 10 av desse er prioriterte dei neste 4 åra.

 

Klimaomstilling er den heilskaplege samfunnsendringa vi treng for å kunne skape eit samfunn med lågare utslepp og samstundes vere betre budde på klimatiske endringar som kjem. Hovudmålet i planen er difor: Saman for eit felles mål for Sunnfjord kommune: smartare, tryggare og grønare!

 

Høyringsdokument

Høyringsfrist

  • 31. januar 2019
     

Slik kan du sende merknader