Kartlegging og verdsetting av friluftslivsområder i Gaular kommune

Klikk for stort bileteFormannskapet i Gaular kommune vedtok i sak FS 122-19 at det skal gjennomførast eit prosjekt for å kartlegge og verdsette områder for friluftsliv i kommunen, og arbeidet er no starta opp.

 

Friluftsområdekartlegginga er eit nasjonalt tiltak forankra i Nasjonal strategi for aktivt friluftsliv og i Folkehelselova. Den er eit verkemiddel for å identifisere areal i kommunen som vert brukt til friluftsliv i dag. Dette bidreg til å auke kunnskapsgrunnlaget for å kunne ivareta god arealplanlegging i kommunane.

Arbeidet i den einskilde kommune skal følgje metoden skissert i Miljødirektoratet sin rettleiar M98-2013. Ei fleirfagleg ressursgruppe i kommunen skal kartlegge, kategorisere og verdsetje alle viktige friluftsområde i kommunen. Dette er ein temakartlegging og resultata er ikkje juridisk bindande. Døme på type friluftsområder er leike- og rekreasjonsområde, grøntkorridorar, nærturterreng og utfartsområde.

Det er eit mål at alle kommunar skal ha gjennomført kartlegging av friluftsområda innan utgangen av 2020. Sogn og Fjordane Fylkeskommune har leigd inn FNF- «Form for natur og friluftsliv», som prosjektkoordinator i fylket. Dei skal informere og følgje opp kommunane undervegs i prosjektet.

I Gaular kommune er det Janne Kristin Bøyum som er prosjektleiar, saman med ei tverrfagleg intern arbeidsgruppe. Prosjektgruppa kjem til å ta kontakt med aktuelle personar og organisasjonar som referansar. Alle innbyggjarane er velkomne til å komme med innspel til arbeidet.