Kunngjering og høyring - Namnesaker for Alvær/Alvera, Fyling/Følling, Halstad/Hatlestad mfl

Klikk for stort bilete

Kartverket har varsla oppstart av to namnesaker i Gaular, sak nr. 2019/144 - Ytrebø/Myregjerdet og sak nr. 2019/294 - Alvær/Alvera mfl. Dei vedlagte skriva datert 29.03.2019 (PDF, 2 MB) og 03.09.2019  (PDF, 590 kB)  som syner alle namna som det er starta namnesak for.

Kartverket har vedtaksrett for skrivemåten av nedarva gards- og bruksnamn, seternamn og naturnamn. Før det vert gjort vedtak, har kommunen rett til å uttala seg. Eigarar og festarar har rett til å uttala seg om gardsnamn og bruksnamn, og lokale organisasjonar har rett til å uttala seg om skrivemåten av namn som dei har særleg tilknyting til.

Kommunen har ansvaret for å kunngjere at namnesaker er reist og har òg ansvaret for å innhente og samordna dei lokale høyringssvara.

I samsvar med § 8 i stadnamnlova har eigarar rett til å uttale seg i saker som gjeld skrivemåten av bruksnamn og gardsnamn når skrivemåten skal vere retningsgjevande for skrivemåten av bruksnamn.

Vi gjer merksam på at nokre av namna skal nyttast som grunnlag for vedtekne adressenamn.

Det er viktig å legge ved dokumentasjon på at den skrivemåten de ynskjer har vore i offentleg bruk. Dette kan vere offentlege kart og dokument, på skilt, i mattrikkelen, skøyte eller liknande.

 

For fleire opplysningar om stadnamn kan de sjå kartverket si innsynsløysing for stadnamnregisteret: www.norgeskart.no/ssr

Nokre bruksnamn står kun i matrikkelen og desse kan søkjast opp i www.seeiendom.kartverket.no (søk på: gnr./bnr., namnet på kommunen).

 

Uttalefrist er 20. november 2019 og vert å sende skriftleg til Gaular kommune,

Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord eller til e-post postmottak@gaular.kommune.no

Kontakt

bilde av personen: Trond Hegrestad
avd.ing. oppmåling
  • Tlf: 57718523
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: