Kva skal vegen din heite - offentleg høyring av vegadressenamn

Med heimel i matrikkellova § 21 og lokal adresseforskrift for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, vert forslag til vegnamn lagt ut på høyring.

 

Frist for å kome med merknad og nye namneforslag er 1. april 2019

 

 

I vedlegget kjem det fram innkomne namneforslag og rådmannen si tilråding til namn.  Vegnamna skal danne grunnlag for tildeling av vegadresser som offisielle adresser.
Det er Gaular formannskap som gjer vedtak om adressenamn.

 

Vegar som skal namnsettast:

Førde sentrum er utgangspunkt for adresseringa og vil dermed også ha innverknad på namnsettinga.

Det er ei felles målsetting for kommunane som frå 01.01.2020 skal gå saman i Sunnfjord kommune at alle adresseverdige bygningar tilknytta eit vegnett skal få vegadresser.

Du kan lese meir om adresseprosjektet på kommunen si heimeside.

Gaular kommune har tidlegare hatt forslag til inndeling i adresseparsellar og innsamling av forslag til vegnamn annonsert i lokalavisa Firda, samt lagt ut på Sparbutikken i Bygstad, Jokerbutikken i Viksdalen, kommunehuset på Sande og på kommunen si heimeside.

Adresseparsellar er delar av vegnettet som skal ha eige namn.

Vedlagt følgjer rekneark som syner vegstrekningane som no skal namnsettast, samt kart som syner dei aktuelle vegane.

Den lokale forskrifta som ligg ved syner mellom anna prinsipp for adresseringa og namnsettinga.

Gaular har 3 stk. vegar som skal namnsettast og er felles med nabokommunar:

Adressekode 1601:   

Ev. 39 (Start i krysset til Askvoll i Førde) - Førde grense - Høyanger grense - (Vadheim)

Adressekode 1609:

Fv. 13 (Moskog) - Rørvikfloten - Vikja - Eldalsosen - Balestrand grense - (Mel)

Adressekode 1678:

Pv. (Reset i Førde) - (Hafstadstølen) - Førde grense - Espelands-/Furnesstølen - Langeland

Forslaga til vegnamn er også  lagt ut på høyring på kommunehuset i Gaular, Sparbutikken i Bygstad og Jokerbutikken i Viksdalen.
 

Merknadar til namneforslaga og forslag til eventuelt nye namn sendast til:

Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord,

eventuelt pr. e-post til postmottak@gaular.kommune.no
 

 

Kontakt

bilde av personen: Trond Hegrestad
avd.ing. oppmåling
  • Tlf: 57718523
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: