Listeforslag til kommunestyrevalet 2019

I 2019 er det kommunstyre- og fylkestingsval. Valdagen er 9. september. Førde, Gaular, Naustdal og Jølster skal stemme for kommunestyret i Sunnfjord kommune. 

Frist for innlevering  

Alle parti og grupper som ønsker å stille til kommunestyrevalet, må levere listeforslag til kommunen innan 1. april 2019, klokka 12.00. På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome til kommunen. Det er ikkje nok at det er postlagt.

Du kan levere lista til Servicetorget i Førde rådhus, i kontortida 08.00–15.45.


Listeforslaget kan òg sendast i posten til

Førde kommune v/Sunnfjord valstyre
Postboks 338
6802 Førde

Du finn rettleiing og informasjon om listeforslag på prosjektsunnfjord sine nettsider.