Meirope bibliotek på Sande

Klikk for stort bilete

 

Biblioteket på Sande er no ope igjen etter ein periode med oppussing og oppgradering til meirope løysing.

Meirope betyr tilgang til biblioteket utanom betjent opningstid, altså når det ikkje er personale til stades. For å få tilgang til meirope bibliotek, må du skrive under ein kontrakt med Gaular folkebibliotek. Dette må du gjere i betjent opningstid, altså måndagar 11.00-19.00. Du får tilgang til biblioteket på Sande 07.00-22.00 alle dagar, heile året.

Alle som er over 15 år kan oppgradere lånekortet sitt og få tilgang til meirope. Foreldre/føresette kan ha med seg eigne barn under 15 år.

Skular, barnehagar og andre institusjonar kan få lånekort med tilgang til meirope i institusjonen sitt namn. Kortinnehavar kan då nytte kortet til å låse andre inn på biblioteket i ubetjent opningstid. Det er ingen aldersgrense for personar som vert låst inn med lånekort utstedt til institusjon.

Les meir om meirope bibliotek her.