Namneforslag til dagsturhytta?

Dagsturhytta Gaular - Klikk for stort bilete

Dagsturhytta er bestemt plassert over Kårstadskaret med nydeleg utsikt over Bygstad, Sygna og Sande. Førre veke blei hyttetomta utgreven. I september blir fundamenta satt opp, og sjølve hytta kjem til Gaular i oktober, og vil bli montert i november.

 

Hytta må ha eit namn, og vi ber innbyggjarane om å kome med forslag. Namneforslaga vil bli presentert for utvalet for oppvekst og kultur, som tar endeleg avgjerd om namneval. Har du eit forslag? Send det på e-post til kommunen innan 1. oktober.

E-postadresse: postmottak@gaular.kommune.no