Offentleg ettersyn av Detaljreguleringsplan Svaberget 2, planID 1430-20180003

Formannskapet i Gaular kommune vedtok i sak 136/18 å legge forslag til Detaljreguleringsplan for Svaberget 2 planID 1430-20180003 ut til ettersyn i samsvar med plan- og bygningslova §12-10.

 

Varsel om offentleg ettersyn er kunngjort i avisa Firda 09.01.2019, i brev til grunneigara, naboar og offentlege organ.

 

Høyringsperioden er 09.01.2019 – 22.02.2019.

 

Merknader til planforslaget må sendast skriftlig til Gaular kommune, Vadheimsvegen 15, 6973 Sande i Sunnfjord eller til postmottak@gaular.kommune.no .

Frist for merknader er 22.02.2019, merknader skal merkast med arkivaskID: 18/954