Planar som føregår i Gaular

I ein kommune er det alltid planarbeid på gong. Her kjem ei oversikt over dei planane som føregår per april i Gaular.

Plannavn

Type plan

Status

Detaljreguleringsplan Øvre Steia

Bustadfelt

Varsla reguleringsendring

Sande sentrum

Områderegulering

Planarbeid fram mot 1. gangs høyring

Fv. 57 Perhaugen – Storehaug

Detaljregulering veg

Bearbeiding etter 1. gangs høyring

Fv 57 Dale – Perhaugen

Detaljregulering veg

Planarbeid fram mot 1.gangs høyring

Svaberget 2

Detaljregulering for skule, barnehage og idrettshall i Bygstad

Bearbeiding etter 1. gangs høyring

Skagen 3

Detaljreguleringsplan omsorgsbustader

Ute på 1. gangs høyring

 

Generell saksgang i planarbeid

  • Initiativtakar kjem med førespurnad om lov til å starte reguleringsplanarbeid
     
  • Sak til formannskapet, og dei gjer vedtak på om ein kan starte planarbeid eller ikkje
     
  • Med positiv tilråding frå formannskapet, så vert det kalla inn til eit oppstartsmøte der initiativtakar, plankonsulent og kommune deltek. I møtet vert det bestemt kva krav som er til den vidare planlegginga. Kva som vert krevd er med å bestemme det vidare planarbeidet
     
  • Om det ikkje er spesielle krav kan plankonsulent varsle oppstart av planarbeid, og det varslast dål alle grunneigarar og naboar til planområdet samt til offentlege og private aktørar. Skal og varslast i avis og på kommunen si heimeside. Frist på 6 veker til å kome med merknad til planvarsel
     
  • Plankonsulent handsamar innkomne merknadar
     
  • Planutkast med planbeskrivelse og føresegner vert sendt til kommunen for gjennomgang. Administrasjonen vurderer det inkomne materialet. Er det slik det skal være, så vert det laga sak til formannskapet med tilråding om godkjenning for utlegging til 1.gangs høyring i minimum 6 veker. Planutkastet skal sendast til den same adresselista som varsel om planarbeid
     
  • Merknader/ motsegner  til planutkastet skal vurderast av kommunen, er det noko som må endrast på så blir det gjort. Vesentlege endringar må ut på ny høyring. Motsegner som ikkje vert tatt hensyn til, krev mekling hos fylkesmanen og eventuell ny høyring
     
  • Endeleg planutkast med planomtale, plankart, føresegner og utarbeide rapportar vert send til formannskap og kommunestyre til godkjenning