Skadefellingsløyve på ulv

Ulv - Klikk for stort bilete Det er gjeve skadefellingsløyve på ulv i Sogn og Fjordane. Skadefellingsområdet er avgrensa til fastlandsområdet mellom Dalsfjorden og Sognefjorden, avgrensa mot aust av E39 og elva Gaula og følgjer eller flomålet.

Skadefellingsløyvet gjeld i tidsrommet f.o.m. 01.09.-30.09.18.

Det er opna for at hjortejegerar kan registrere seg i kommunen for deltaking i skadefelling av ulv.

Du må vere hjortejeger i vald som ligg innafor grensene for skadefellingsområdet. Du må vere registrert som lisensjeger for rovdyr. Du tek kontakt med kommunen, som registrerer kontaktopplysningar (namn, telefonnr. og e-postadresse), og deretter sender e-post med skadefellingsløyvet og infoskriv om "korleis delta som hjortejeger i skadefelling på ulv?" til dei som melder seg.

Skadefellingsdeltaking er personleg.

Under jakt må jeger, på same vis som ved hjortejakt, ha med alle naudsynte papir (kvittering for betalt jegeravgift, godkjent skyteprøve, gyldig våpenkort og i tillegg sjølve skadefellingsløyvet).

For ordens skuld: denne skadefellinga har ikkje noko å gjere med den lisensjakta som startar 01.10. å gjere.