Totalforbod mot brenning frå 12. april

Som følgje av stor fare for gras- og lyngbrann innfører brannsjefen i Gaular kommune totalforbod mot å gjere opp eld utandørs frå 12. april 2019.

Totalforbodet mot eld gjeld heilt til brannvesenet opphevar det.

Forbodet medfører at det ikkje er lov til å brenne i skog eller i nærleiken av skog og utmark. Det er heller ikkje lov til å grille eller brenne bål i strandsona. Hageavfall kan ein heller ikkje sette fyr på.

Forbodet inkluderer også bruk av eingangsgrillar, eller anna utstyr som kan bidra til at vegetasjon tar fyr.

Unntak

Det er likevel lov å gjere opp eld der det openbart ikkje kan medføre brann.

Unntaket gjeld for eksempel etablerte bålplassar, grilling på eigen veranda og andre stader som er heilt trygge.