Trond Mohn gjev 10 millionar til hallen i Bygstad

Klikk for stort bilete

Det var fullt hus då arbeidsgruppa til fleirbrukshallen i Bygstad inviterte til folkemøte på Tønna onsdag kveld. Det var også Sverre Sørnes, Trond Mohn sin representant. Og det var han som kom med gladmeldinga.

– Prosjektet er interessant, med tanke på at dei har lagt opp til andre idrettar, ikkje berre fotball. Så er det bra at det ligg vegg-i-vegg med skulen. Eigentleg burde alle hallar ligge slik, sa Sørnes.

Etter dette annonserte han altså at Mohn vil gje ti millionar kroner til hallen. Dei pengane sender ikkje prosjektet heilt i mål, men det er nære på. I skrivande stund står det att rundt 4,5 millionar. (Kjelde: Firda)

Les meir her: https://www.firda.no/nyheiter/gaular/helse/trond-mohn-gir-10-millionar-til-hallen-i-bygstad/s/5-15-895077?access=granted

https://www.firda.no/nyheiter/gaular/fritid/no-lovar-ogsa-ordforaren-pengar-no-er-hallen-i-boks-absolutt/s/5-15-895097