Turvegen gjennom «Bamseskogen» på Sande blir rusta opp

Bamseskogen turveg - Klikk for stort bilete Gaular kommune må skifte ut hovudvassleidningen for Sande vassverk. Leidningen ligg i same trasé som den populære turvegen gjennom «Bamseskogen». Arbeidet blir utført i perioden juli-oktober. Vegen kan bli stengd mens arbeidet pågår. Heile turvegen blir oppgradert med gatelys, slik at det blir ein samanhengande lysløype mellom Sande og Selstad bru. Kommunen har inngått avtale med grunneigar om «Bamseskogen», og har lagt føringar i prosjektet om at ein berre skal felle dei trea som er nødvendig for å legge ny vassleidning og sette vegen i god stand.