Vindkraft – forslag om nasjonal ramme på høyring

Utsikt mot sør frå dagsturhytta Skaraly. Fjellområda i horisonten inngår i området som NVE tilrår.

Olje- og energidepartementet har sendt NVE sitt forslag til nasjonal ramme for vindkraft på høyring. Høyringsfristen er utsett til 1. oktober. Fjellområda sør i Gaular kommune inngår i eitt av dei 13 utpeikte områda, sjå kart. NVE meiner at området Sunnfjord og Sogn er eitt av dei mest eigna områda for ny vindkraftutbygging i Norge, i eit nasjonalt perspektiv.

Høyringa vert politisk handsama i Gaular kommune i etterkant av det regionale innspelsmøtet i Bergen 23. mai.