Står du i manntalet?

Røysterett har norske statsborgarar som er myndig, eller fyller 18 år innan utgongen av valåret. Røysterett ved sametingsvalet har alle som på valdagen står innført i sametinget sitt valmanntall.

Dersom du ikkje står i manntalet, kan du ikkje røyste ved stortings- og  sametingsvalet den 11. september 2017.

Du kan kontrollere om du står i manntalet i Gaular kommune når det  f.o.m. onsdag 12. juli 2017 t.o.m. valdagen den 11. september ligg ute til

offentleg ettersyn ved:

Tenestetorget v/ Kommunehuset på Sande (frå 10. juli)

For Viksdalen : Viksdalen Handel A/S

For Sande: Posten v/ Spar Sande J.O. Tyssekvam

For Bygstad: SPAR Bygstad

Har du nyleg flytta til kommunen og folkeregisteret har teke imot flyttemelding frå deg innan
30.06.2017, skal du stå i manntalet i tilflyttingskommunen. Vart flyttemeldinga teke i mot  etter denne datoen, står du framleis i manntalet i den kommunen du flytta ifrå.

Du kan velje om du vil røyste der på valdagen eller røyste på førehand.

Tid og stad for førehandsrøysting vert kunngjort særskilt.

Dersom du meinar at du sjølv eller nokon annan, med urett er innført eller utelate frå manntalet, kan du krevje at valstyret retter opp feilen.

Klaga skal vere skriftleg og grunngjeven.

Adressa til valstyret er:

Valstyret

Gaular kommune

6973 Sande

Eventuelle spørsmål kan rettast til valstyret i Gaular kommune,

kommunehuset telefon 57 71 8500.

 

Eventuelle spørsmål kan rettast til valstyret i Gaular kommune,

kommunehuset telefon 57 71 8500.