Siste nytt

Marknadstilbod frå Gaular kommune

Du som ikkje har sikra deg bygdebøkene frå Gaular  bør gjere det i helga.

 

Bygdebøkene 4 bøker,  vert seld for kr 500,- (halv pris).

 

Gaular kommune har stand på marknaden og kjøper/tingar du bøkene der laurdag eller søndag får du med  1 sett kulturhistorie (3 bøker).

Publisert 13.08.2018
Matbjøra rassikring

Grunna  fjellreinsk  blir fv 610  stengt ved Matbjøra.

Dette gjeld frå 09.00 - 15.00 mandag 13. august til og med torsdag 04. oktober. 
Mellom kl 11.30 og 12.30 er vegen open for fri ferdsel.
Vegen kan vere stengt i periodar inntil ein halv time mellom  0800 - 0830 og 1530 - 1800. 

 

Fredagar, laurdagar og søndagar er vegen open for fri ferdsel.

 


 

Publisert 29.08.2018
Gaularfjell 80 år-5

 

Fin markering av 80 år med veg over Gaularfjellet

Publisert 01.08.2018
Hjort

Mattilsynet og Miljødirektoratet har eit nasjonalt kartleggingsprogram for skrantesjuke.

Gaular er ein av i alt 82 tilfeldig utvalde kommunar der hjortevilt felt under jakt skal testast for skrantesjuke.

Miljødirektoratet har no gjort vedtak om å påleggje jegerane som feller hjortevilt i dei aktuelle kommunane under jakta i haust å teste felte hjortevilt for skrantesjuke.

Alle jegerar må registrere felte dyr og skrantesjukeprøva på www.settogskutt.no

Dyr som skal testast: Villrein som er 1 år eller eldre

Hjort som er 2 år eller eldre.

Prøva skal innehalde både hjerne og lymfeknutar.

For å få eit best mogeleg resultat av kartleggingsprogrammet vert det i Gaular arrangert møte den 16. august kl. 20.00 på Sande Kro & Hotell. På møtet blir det gjennomgang av sjølve prøvetakinga og registreringa.

Tilsvarande møte blir arrangert i Førde 21. august, på Jølster 22. august, i Naustdal 23. august og i Florø 27. august.

Møtet er gratis og ope for alle.

Publisert 05.10.2016

Permisjon frå grunnskuleopplæringa

Etter søknad kan elevar få permisjon frå den pliktige undervisninga inntil to veker (ti skuledagar) når fritaket er fagleg forsvarleg. For fri utover to veker gjeld det eigne reglar om utmelding.

Søknad om permisjon/skulefri