100 000 kroner til aktivitetar for ungdom

Har du ein idè om aktivitet for ungdom i Sunnfjord? Ungdomsråda gjev vekk 100 000 kroner til aktivitetar for ungdom i Sunnfjord kommune. Dette er den første fellesaktiviteten i regi av Sunnfjord kommune.

 

Ungdommane ønskjer å støtte aktivitetar som bidreg til å styrkje ein felles identitet i den nye kommunen.

Det er oppretta ein jury med representantar frå alle ungdområda i kommunen og ein representant frå fellesnemnda.

Det vert totalt gjeve vekk 7 bidrag til ulike aktivitetar. 5 av bidraga er på 10 000 kroner kvar og 2 av  bidraga på 25 000 kroner.Søknadsfrist: 15. mars 2019 

Les meir på nettsida, og del svært gjerne informasjonen med aktuelle søkjarar! Til dømes gjennom ulike FB grupper du er medlem av.

https://www.prosjektsunnfjord.no/ung-i-sunnfjord/