Adresseprosjekt i Gaular

Adresse prestegardsvegen - Klikk for stort bilete - overgang frå matrikkeladresser til vegadresser



 



Bakgrunn
 

Det er eit nasjonalt og lokalt mål at offisielle adresser skal vere vegadresser og ikkje matrikkeadresser (gnr./bnr.).

Dette for å sikre eit adressesystem som er tydeleg og logisk oppbygt for adressebrukarar som naudetatane ambulanse, brann og politi, transportfirma og private.

Kommunen er lokal matrikkelstyresmakt og fastsetter offisielle adresser.

Kommunen sitt ansvar kan delast inn i to hoveddelar, adressestyresmakt og namnestyresmakt.

 

Adressestyresmakta har ansvaret for adresseforvaltninga i kommunen og tildeler

offisielle adresser etter reglane i matrikkellova med tilhøyrande forskrift.

Det skal utarbeidast hensiktsmessige adresseparsellar som skal ha som hovedmål å gjere det enkelt for alle å finne fram.

Den delen av eit vegnett som skal ha eige vegnamn vert kalla adresseparsell.

 

Namnestyresmakta har ansvaret for namnsetting og gjer vedtak om namn og skrivemåten på adressenavn og stadnamn etter reglene i Lov om stadnamn.

Namnestyresmakta har ikkje høve til å gjere endringar på adresseparsellar som

adressestyresmakta har utarbeida, men skal finne gode namn til desse.

 

 

Felles adresseprosjekt for Sunnfjord kommune
 

Fellesnemnda for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal, som frå 01.01.2020 skal utgjere «Sunnfjord kommune», har vedteke oppretting av eit felles adresseprosjekt for desse kommunane.
Vegadresseprosjektet for «Sunnfjord kommune» er no starta og det er ei målsetting at 90 % av adressene skal vere vedtekne vegadresser pr. 30.06.2019. Dette inneber at mange av dei som i dag har matrikkeladresse (gnr/bnr) får tildelt vegadresse.
Det vert i denne prosessen ikkje teke sikte på å tildele vegadresser til adresseverdige bygg som ligg spreidd og ikkje har vegtilkomst.

Gaular kommunestyre vedtok den 21. juni 2018 i sak nr. KS-032/18 lokal forskrift om felles adressesystem for kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal.

Denne skal leggast til grunn for adresseringsarbeid etter matrikkellova og namnsetting og skrivemåten på adressenamn og stadnamn etter reglane i Lov om stadnamn.

Førde sentrum er null-punkt for adresseringa. Dette inneber mellom anna ein del omadressering av eksisterande vegadresser.
Dette gjeld vegadresser på Sande tilknytta Liavegen, Gamlevegen, Steiavegen, Førdevegen, Vadheimsvegen, Bygstadvegen og Viksdalsvegen.
 

Adresseringsarbeid i Gaular


I samband med adresseringa er det er naudsynt å foreta rettingar, endringar og tilføyingar av opplysningar i matrikkelen som har feil/manglar. Dette er varsla særskilt ved annonsering i avis.
Matrikkelen er det offisielle registeret for grunneiegdomar,adresser og bygningar.
Det er dessverre ein del feil og manglar i matrikkelen.
Typiske feil for matrikkeladresser kan vere at den er knytta til fleire fysiske bygg, har feil koordinat eller manglar heilt.
Typiske feil for bygningar kan vere manglande eller feil brukseiningar og type.
Når det gjeld eigedomar så kan det vere feil med hensyn på plassering og eigedomseining (gnr./bnr.) Det er framleis slik at det er jordskifte, skylddelingsdokument, målebrev eller matrikkelbrev som er gyldige eigedomsskildringar.

I vedteken lokal adresseforskrift § 3 heiter det at rådmannen er kommunens adressemynde og har ansvar for adresseforvaltninga i kommunen. Ansvaret inneber tildeling av offisielle adresser etter reglane i matrikkellova og tilhøyrande forskrift, i tillegg til førebuande arbeid knytt til fastsetjing av namn og skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.
Rådmannen har også, i samsvar med vedteken adresseforskrift, mynde til å opprette eller endre adresseparsellane.

Rådmannen har etter ei høyringsrunde vedteke inndeling i vegadresseparsellar, jamfør sak nr. DR-102/18 den 22.10.2018.
Det er no klart for å starte arbeidet med å vedta namn på desse vegane.

Gaular formannskap er namnemynde og vedtek adressenamn, jamfør kommunestyret sin delegasjon i sak nr. KS-046/18 den 04.10.2018.
Namnemynde gjer også vedtak om skrivemåten for stadnamn/adressenamn etter reglane i lov om stadnamn.

Det vert varsla i Firda som lokalavis og på kommunen si heimeside (www.gaular.kommune.no) kva område som er tiltenkt vegadresse og kva namn som vi har foreslått på desse.  
Sentrale adressebrukarar, lag- og organisasjonar og liknande vert tilskrevne direkte. 
Det vert då høve til å gje merknad til namneforslag for alle.

Det vert sendt varsel til grunneigar/festar om tiltenkt nummertildeling og kva vegadresseparsell bygg er planlagt tilknytta, før det vert gjort vedtak om adresse.

Grunneigar/festar vil motta skriftleg vedtak på at deira bygningar er tildelt eller endra vegadresse som offisiell adresse.
Desse har då 3 vekers klagefrist på tildeling av husnummer og på kva veg bygget er tilknytta.
Merk at det ikkje er høve til å klage på val av adressenamn eller skrivemåte, da dette er avgjort tidligare.

Kontakt

bilde av personen: Trond Hegrestad
avd.ing. oppmåling
  • Tlf: 57718523
  • Mob: $(MOBIL)
  • E-post: