Har du lyst til å strikke sitteunderlag og tøflar til dagsturhytta?

dagsturhytte jølster 1 - Klikk for stort bilete Snart har vi dagsturhytte på plass også i Gaular. Hyttene er utan varme, og på kalde dagar er det godt å ha noko varmt å sitte på eller å dra på føtene. Vi håpar derfor at mange har lyst til å vere med og strikke sitteunderlag og/eller tøflar til dagsturhytta! Har du mykje restegarn som du ikkje veit kva du skal bruke til? Vi tek imot alle bidrag med glede og stor takk!

Sitteunderlag og toflar - Klikk for stort bilete

Bildene er frå hytta «Fjellro» i Jølster. Der har flittige hender tatt utfordringa, og vi håpar på like stor suksess i Gaular. Om du har restegarn, tid og lyst til å strikke blir vi og mange turglade kjempeglade! Det vil gjere hytta  enno trivelegare å besøke og du får vere med å sette DITT preg på den. Alle bidrag kan leverast til tenestetorget på kommunehuset på Sande.