Kulturminneplan

Kva er ditt kulturminne? Gaular kommune skal lage ein kulturminneplan, og vi ønskjer innspel frå innbyggarane om kva tema for kulturminneplanen skal vere.
Kva er viktig historisk der du bor?

Det vert arrangert folkemøte i Viksdalen, på Sande og i Bygstad.
Vi håpar flest mogeleg vil møte opp slik at vi får ein kulturminneplan som omhandlar det som er viktig for folk.

Måndag 7. januar kl. 19.30 til 21.30: kommunehuset på Sande.
Onsdag 9. januar kl. 19.30 til 21.30: bygdetunet på Viksdalen.
Torsdag 10. januar kl. 19.30 til 21.30: Tønna i Bygstad.

Vel møtt!