Markeringa av Gaularfjellsvegen

Gaularfjell 80 år-5 - Klikk for stort bilete Gaularfjell 80 år-4 - Klikk for stort bilete Gaularfjell 80 år-3 - Klikk for stort bilete Gaularfjell 80 år-2 - Klikk for stort bilete Gaularfjell 80 år-1 - Klikk for stort bilete

 

Fin markering av 80 år med veg over Gaularfjellet

Laurdag 25. august vart Gaularfjellsvegen feira med sine 80 år. Til trass i litt regn i lufta, møtte det omlag 200 personar for å delta i markeringa. Sigrid Moldestad underheldt med song og musikk, og Magny Gjermundstad sto for avduking av ei minnetavle, saman med ordførarane Mathias Råheim og Norvald Offerdal, samt fylkesordførar Jenny Følling. Magny Gjermundstad er enka etter Lyder Gjermundstad som var ein av mennene som bygde vegen.